Årsfest for Rindal Sokn

Kor Gøttj
Kor Gøttj, leda av Dagrun Løset

Best of - frå Rindal sokn

På Maria Budskapsdag er det tradisjon for å ha årsfest i Rindal sokn der soknerådet legg fram melding om arbeidet sitt i året som var, kåseri frå ein gjest, korsong og avslutning med kveldsmat.

Publisert

Årsfesten opna med korsong av Kor Gøttj som har øvingane sine i menighetshuset. Der fekk vi høre litt frå programmet dei vil by på under forsenka 20 års jubileumskonsert til hausten.

Temaet for den konserten er "Best of", og det høres svært lovande ut!

Vi fekk mellom ann høre om Amandus dukkemann av Torbjørn Egner i eit artig arrangement, Shallow frå "A star is born" og Marianne Bolme var solist under framføringa av gospelsalmen "Shine Your Light". Vi kan gle oss til jubileumskonserten med "Best of"!

Britt Grete Moen og Arnhild Foseide Fagerholt
Kyrkjeverge Britt Grete Moen vart presentert av soknerådsledar Arnhild Foseide Fagerholt

Før dagens kåseri presenterte soknerådsledar Arnhild Foseide Fagerholt den nye kykjevergen i Rindal. I november begynte Britt Grete Moen i jobben som kyrkjeverge. Britt følte seg velkommen i jobben, og erkjente at det var mykje nytt å sette seg inn i, men ho ville ta ein ting i gongen.

Bernt Bøe på talarstolen
Kåsør på årsfesten var Bernt Bøe

Dagens kåsør var Bernt Bøe, og temaet hans var "Visst brukar du Bibelen! Ord og uttrykk frå Bibelen i daglegtale".

Det blir trykt ein halv milliard biblar i året, så det er klart at ord og uttrykk derifrå finns i daglegtalen, med det tenkjer vi ikkje på så ofte. Bernt Bøe gav oss ei mengde slike døme som forsamlinga kjente godt.

- syndebukk, dansen rundt gullkalven, ein kamel gjennom nålauget, laban (din laban), bable (frå Babels tårn) og mange fleire.

Norske forfattarar er også innom Bibelen og hentar inspirasjon, salmediktarar og musikarar like eins.

Årsmeldinga vart delt ut på møtet, og bilde frå "Sokneåret" vart vist på storskjerm. Bilda viste at Trollheimsporten hadde vore aktiv formidlar av hendingar i kyrkja.

Årsmeldinga for Rindal sokn vil etter kvart kunne lesast her på soknets nettsider!

Kveldsmaten soknerådet diska opp med var meir å kalla eit koldtbord!

Powered by Labrador CMS