ANNONSE:

Sommerro sin hyllest til Hyldbakk og freden

Hans Hyldbakk skreiv Vårsøg i 1945. Diktet uttrykker gleda over våren - og over frigjeringa som var i anmarsj. I anledning 75-årsjubileet inviterer Teatret Vårt til teaterkonserten «Vårsøg 75 år» og feiring av ein kjær diktar.

Henning Sommerro og eit handplukka ensemble med John Pål Inderberg, Sara Fellman og Julie Støp Husby tek deg med på ei musikalsk reise i Hyldbakk sin verden. Sommerro har laga nye versjonar av sine vakre melodiar, og med unike lydopptak og Kleiva-brev kan vi sjå på Hyldbakk sitt liv og tekster med eit nytt blikk.

Sommerro og Inderberg er vel kjent frå før, og Fellmann og Støp Husby var seinast i Surnadal med «Slåttekar i himmelen». Støp Husby har også ei viss lokal forankring, da ho er dotter av Per Husby, kjent pianist som stammar frå Øksendalen.

Teatret Vårt ønsker alle velkomen til ei feiring av Hyldbakk – og freden!

“...i år er trua og vona større og rikare enn nokon gong før, for no lovar våren meir enn på lenge, (...) det ser ut til at sommaren kjem med den freden i fanget, som vi har venta så sårt på. Alt tyder på at no kan det ikkje vera lenge att før krigen er slutt." (frå Vårbrev 1945, Hans Hyldbakk)

«Vårsøg 75 år» har premiere på Surnadal kulturhus laurdag 17. oktober. Der er det ikkje ledige billettar att, men det er det til framføringa søndag 18. oktober. Billettar kan kjøpast over nett eller frå automat i kulturhuset.

Les meir på Surnadal kulturhus si heimeside.

Powered by Labrador CMS