ANNONSE:
Gunn Marit Nisja til Surnadal
Forfattarbesøk på biblioteket: Gunn Marit Nisja presenterer si siste bok, "Jeg skal ta vare på deg", onsdag 21. oktober kl. 18.
Det er ein helt vanleg kveld da mora ringer til Vilja på studenthybelen. Samtalen blir alt anna enn vanleg. Mora verkar forvirra og snakkar usamanhengande. Skremt tek Vilja affære, og får mora lagt inn på det lokale sykehuset. Da Vilja kjem heim, kan doktoren fortelje at mora er ramma av akutt hjarnesykdom.
"Jeg skal ta vare på deg" er ein roman om korleis livet plutseleg veltar om på det meste – ei forteljing om ei dotter som må ta ansvar for mora si framtid, og si eiga, og kva dilemma det sett ho i.
Gunn Marit Nisja skriv lågmælt og fint om vanlege menneske – og om når livet, draumane og utfordringane spelar seg opp mot kvarandre.
Gunn Marit debuterte med "Naken i hijab" i 2011, og har etter det gjeve ut romanane "Porselenspiken", "Olivensteinen", "Etter oss" og, altså no i haust, "Jeg skal ta vare på deg".
Gratis inngang, men grunna smittevernskrav må ein melde seg på forfattartreffet. Det kan ein, forutan å melde frå på biblioteket, gjera ved å ringe (47680797), sende e-post (biblioteket@surnadal.kommune.no) eller gjennom hending på facebook.
Tove frå bokhandelen kjem også og sel boka, for dei som vil sikre seg ei signert utgåve denne kvelden.