Surnadal kommune melder:

Fleire innstilte tilbod i Surnadal, inklusive nyttårskonserten med Trondheimsolistene

Nyttårskonserten med Trondheimsolistene 8. januar er avlyst.

Trondheimsolistene har avlyst alle sine nyttårskonsertar, inklusive i Surnadal. Dei som har kjøpt billett på nett blir kontakta. Dei som har kjøpt billett kontant, kan kontakte Surnadal kulturhus.

Fleire innstilte tilbod innan kultur:

· Frivilligsentralen er stengt frå 4. - 18. januar

· Ungdomsklubben er stengt frå 4. - 18. januar

· Kinoen er stengt frå 4. - 18. januar

· Bygdebokkontoret er stengt for besøkande frå 4. - 18. januar. Du kan ringe 41 49 43 40 eller sende epost til [email protected]

Følgande tilbod held ope:

· Biblioteket

· Foaje/ Venterom for buss

Saka er publisert på Surnadal kommune sine nettsider.