Annonse
ANNONSE:
Åsskard sokneråd oppfordrar: Ny dugnad
Bårehuset og gjerdet ved Åsskard-kyrkja treng ny måling. Del 2 av dugnaden skjer laurdag.
Første økt vart unnagjort i juni - med ein liten dugnadsgjeng. No oppfordrar soknerådet fleire om å ta eit tak: - Di fleire vi er, di raskare blir huset og utgarden ferdige!
Måling og reiskap er på plass. - Det er berre å møte opp og ta sin tørn i fellesløftet, lyder oppfordringa.
Dugnaden startar i 12-tida komande laurdag.