ANNONSE:

Stangvik sokneråd inviterer til soknemøte

Måndag 10. mai kl. 18.00 er det soknemøte i kyrkjelydsrommet i prestegarden, der det blir orientering om liturgien/ gangen i gudstenesta etter den nye justerte ordninga. Felles gudstenesteutval frå kyrkjelydane i Stangvik, Todalen og Åsskard har gått gjennom forslag til revidert liturgi i gudstenesta, og foreslår å halde fram med ordninga for gudsteneste som vart vedteken i 2012, med nokre mindre endringar!

Etter at soknemøtet har gjeve uttale, blir forslaget lagt fram for soknerådet, før det blir sendt til biskopen til endeleg godkjenning!

Årsmelding og rekneskap for Stangvik sokneråd blir også lagt fram på møtet!

Velkomne!