ANNONSE:

Virvelvind i kulturhuset

Ane Bruns songar har vorte teater, og Teatret Vårt lovar både liflig bris og heftige vindkast når dei kjem til Surnadal kulturhus 30. mai.

Ane Brun har omsett 17 av sine songar til dialekt, og Nina Wester har skrive ei varm historie der songane saumlaust blir fletta inn i handlinga.

Fem menneske møter kvarandre første gong på ei fest – og når festa nærmar seg høgdepunktet slår fasadane sprekker slik at ein verkeleg kjem tett innpå dei. Festdeltakarane har ikkje fått liva dei såg føre seg og kjenner dei sitt fast i noko som dei helst vil ut av – og kanskje gir akkurat denne kvelden dei fem sjansen til det?

«Virvelvind» har møtt mykje motbør da smittevernkrava gjorde det for utfordrande å reise på turne. Stykket skulle såleis vore spelt i Surnadal i april, men heng seg no på som eit kraftfullt ekstranummer til «Vårsøghelga». Og i parantes (…kan ein nemne at vi også får ein lokal «bonus» med at Jo Inge Nes er med i bandet på scena).

Og resultatet av alt dette? Vel, Dagsavisen konkluderer med at «artisten Ane Bruns musikk og tekster klarer fint overgangen til teaterscenen, i en underholdende «Virvelvind» av en teaterforestilling».

Om "Virvelvind" på nettsida til Surnadal kulturhus

Teatret Vårt med presentasjon og bilete

Sjå video på youtube

Powered by Labrador CMS