ANNONSE:

Nina Lykke
Nina Lykke

Nina Lykke til Surnadal

Ho er ein av dei desidert mest leste forfattarane dei siste åra. Tysdag 19. oktober kjem Nina Lykke til Surnadal bibliotek.

Ho debuterte i 2010 med den kritikarroste novellesamlinga «Orgien og andre fortellinger». Romanen «Oppløsningstendenser» (2013) fekk også strålande mottaking. Og i 2016 fekk Nina Lykke sitt store gjennombrot med romanen «Nei og atter nei» (2016); og romanen vart også ein salsuksess i Sverige og Tyskland.

«Full spredning - en legeroman» er Nina Lykkes fjerde bok og for den vann ho Brageprisen i 2019. Boka har så langt fått eit opplag på knappe 100.000 eksemplarar, og «Full spredning» har så langt spreidd seg vidare ut til nærare tjue land.

Nina Lykke vil i foredraget fortelje om sitt forfattarskap, om kvifor ho skriv, kvifor det er så vanskeleg, kvar stoffet kjem frå og kvifor det verkar som om vi gjer så mykje rart i liva våre.

Arrangørar av forfattartreffet tysdag 19.oktober kl. 19.30 er Surnadal Folkeakademi og biblioteket, og det er fri inngang.

Powered by Labrador CMS