Åsskard:

Åtte damer som står sammen inne i et kirkerom. De holder alle fram grønnsaker, frukt eller planter. Det står kurver med epler og annet av høstens grøde på to små bord foran dem.
Åsskard Bygdekvinnelag (her) inviterer til hausttakkefest saman med soknerådet. Biletet frå i fjor viser frå venstre Johanne Holten, Gunda Bele, Gunhild Bøklep Bøe, Kari Sæther, Randi Bøe, Inger Lise Heggem, Torbjørg Settem og Allis Bæverfjord.

Haustfest i kyrkja

Den gamle høgtida Mikkjelsmess lever vidare i kyrkja si hausttakkefest. I Åsskard vil markens grøde og bokutdeling til dei yngste prege søndagens gudsteneste.

Publisert

Åsskard Bygdekvinnelag ordnar som vanleg med haustpynt, frukt og grønt. Sokneprest Pål Arne Winsnes og hans stab leier messa - etter ordninga «Gudsteneste for små og store».

4-årsbok og bibel

Mange born møter denne gong. Som ledd i soknet si opplæring vil 4-åringane bli tildelt «Mi Kyrkjebok», samtidig som 5-klassingane får «Teikneseriebibelen» i gåve.

Ei bok med tittel '4 Mi kyrkjebok'
4-åringane får «Mi kyrkjebok» - med songar og forteljingar. Under ser vi litt frå aktivitetsboka som følgjer med.
Ei bok med tittel 'Teikneseriebibelen'. Og mange illsutrasjoner fra bibelhistoria.
Blant ulike barnebiblar har ein i Åsskard satsa på Teikneseriebibelen som gåve til 5-klassingane. Her er det både spennande og vakre forteljingar – i eit format som dei unge kjenner.

Innhald frå desse bøkene pregar både song og tekst i årets hausttakkefest.

Etter messa er det samver med kaffe, saft og noko attåt i Kyrkjestua.

Gudstenesta i Åsskard blir streama på kyrkja sitt TV-nett.

Takk for det gode

Mikkjelsmess 29. september er gammel minnedag for engelen Mikael, som symboliser kampen mot det vonde og for det gode.

Hausttakkefesten tek utgangspunkt i denne tradisjonen - med takk for årets avling og for livets gåver. Dette pregar gudstenester landet rundt på denne tida av året.

ANNONSE:

Plakat for hausttakkefest i Åsskard kyrkje.

 

 

…. Tekst og foto: Bernt Bøe for Åsskard sokneråd ...

 

 

 

 

+ Plakat også vedlagt

 

BG Bøe

 

Powered by Labrador CMS