Øvre Rindal kapell denne søndagen:
"Min kirkebok" til 6-åringene
6-åringar med foreldre, besteforeldre og mange andre fylte Øvre Rindal kapell denne søndagen, for 6-åringane var inviterte for å få kyrkjeboka si frå soknerådet.
Gudstenesta starta med at sokneprest og 6-åringar gjekk opp til altaret og pynta det med roser
Det var trusopplærar Elsa Jensvold som heldt preika i lag med 6-åtingar og andre barn. Etter å ha samla barna framme i kapellet og lese preiketeksta, bad ho barna vere med ut og hente eselet.
Dermed var borna inne i bibelteksta om himmelkongen. Dei gjorde som Jesus/Elsa sa, dei henta eit esel, og dei hylla himmelkongen med song.
Preika vart avslutta med at barna og Elsa leda kyrkjelyden i barnesongane "På Golgata stod det et kors" og "Det stormer" (frå laber bris til full storm).
Jesus døde på korset.
Jesus lå i den graven.
Her bles det friskt!
Etter gudstenesta tok folket det med ro og fekk servert saft, kaker og kyrkjekaffi.