ANNONSE:

Song- og kulturkveld på Eidet bedehus

Fredag kveld (10.juni) kl. 19.00 er alle velkomne til Eidet bedehus .

Bernt Bøe er kveldens gjest, og saman med han skal vi syngje, bla i salmeboka og leita fram spennande stoff «mellom linjene».

Kva har «Alltid freidig» med eventyret Tornerose å gjera? Kva lands nasjonalsongar finn vi i salmeboka? Korleis vart folketoneperlene til? Svara har både seriøse og humoristiske sider.

Små doser kulturhistorie blir lagt fram. Visste du forresten at Norges såkalla «dåpsattest» vart funnen på Nordmøre?

Anna Sæther held kveldens andakt. Svein Volle syng solo, og heile forsamlinga sørgjer for fulltonande allsong i Eidet bedehus denne fredagskvelden.

I pausen blir det servering og loddsal til inntekt for bedehuset. Vel møtt!

Powered by Labrador CMS