ANNONSE:

Julemesse på Eidet bedehus 27. november

No er dagen komen, og Misjonsforeninga Vårdag kan ønskje velkomne til julemesse på Eidet bedehus i Surnadal, laurdag 27.nov.. Her blir det stort basarbord, åresal og anna sal av mange slag : lefser, rosettar, smultringar, julekaker, gjærbakst, julegodteri, handarbeid (huver, lestar, dokkeklede mmm.) og bøker.

Rosetter

Du kan få kjøpt kaffe med mykje godt attåt og pølse/brød .

Dørene blir opna kl. 13.00, litt seinare ser vi ein liten misjonsfilm og familiemøtet startar kl. 16.00. Der vil Oscar Nordbø halde andakt. Så følgjer det store kakelotteriet og hovudtrekking ca. kl. 18.00.

Glade gjevarar står bak alt som blir seld på messa, og det som kjem inn, går til arbeidet som Misjonssambandet er med og driv på fleire kontinent; f.eks. undervisning, diakoni og helsehjelp, utviklingsarbeid og evangelisering.

Det går også godt an å støtte messa ved å bruke Vipps (629797) eller giro (40405592373). Vi gløymer framleis heller ikkje smitteverntiltak.

Velkomne til ein triveleg dag på Eidet bedehus !

Lefsebaking til julemessa
Powered by Labrador CMS