ANNONSE Bøfjorden Sjøbruksmuseum:

Veteranskute: Galeas «Svanhild», bygd på Nordvik i 1889, besøkjer fødestaden sommaren 2007.

Bacalao-dag

Kleppfiskkultur i full skala står på søndagens meny for museet i Bøfjorden.

«Buakokkå» May Iren Dønheim Hovde serverer bacalao til middag - ekte nordmørskost med internasjonale tradisjonar. Attåt middagen er det kaffe å få kjøpt.

Slofarten og fiskberga

Dagens biletkåseri er i tråd med menyen. Historielaget tek for seg den såkalla slofarten - der seglskutene frakta skrei (på spansk: «bacalao») frå Nord-Norge til kleppfiskberga på Nordmøre.

Bernt Bøe viser foto av «Svanhild», «Embla» og andre seglarar. Skipperveteran Inge Dønheim supplerer med fagkunnskap – m.a. frå si fartstid med «Anne Margrethe». Anekdoter om skuter og mannskap krydrar kåseriet.

Ein tek også for seg arbeidet på fiskberga og kleppfiskeksporten – med lokale ringvirkningar.

Kyrkjeskuter

Skuter frå nokre av kyrkjene våre svippar kanskje innom programmet. Her er både Tordenskjolds fregattar og nordmørsfæringar representerte. Ein sjeldan omtala skipstradisjon med sine eigne historier.

Powered by Labrador CMS