Annonse
ANNONSE:
Bøfjorden Sjøbruksmuseum: Musikalsk og maritimt
Musikk og fartyhistorie står på søndagens plakat for Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Underhaldninga er utvida denne dagen og startar tidlegare enn vanleg. Peder Hønsvik på trekkspel og medlemmer av hans gruppe «Hjemmelaget» framfører variert musikk både før og etter dagens kåseri.
For publikum blir dette eit etterlengta gjenhør med musikarar som ofte har skapt velklang og glede på museet. Slagermusikk og dansetonar frå mange kantar av verda blir å høre – leia av ein kapellmeister med sans for det smakfulle.
Biletserien «Skuter og skjebner» fyller musikkpausen. Her møter vi nordmørske farty i dåd og drama. Bak namn som «Fremad», «Marnet», «Nordmør», «Beta», «Havås» og «Flora» ligg fantastiske historier.
På kjøkenet er det kaffe og mykje godt å få kjøpt. Og museet praktiserer trygt smittevern.