Tonar i julenatt

«Senk skuldrene mellom julegavehandel, julevask, julebakst og julestri med songar, tonar og tekst om jul, mørketid, lyset og kjærleiken»

I mange år har «Tonar i julenatt» vore årleg julekonsert i Stangvik kyrkje. Frå og med 2018 har «triOpera» teke over arrangøransvaret, men personane bak organiseringa av konsertane er dei same. «triOpera» består av ein base på tre kvinner - sopran Sigrid Vetleseter Bøe, mezzosopran Maria Nohr og pianist Hedda Hansen Berg. I år er Sigrid opptatt med oppsetting av La Boheme i Stockholm, men vi har fått med oss strålande vikar – sopran Tonje Eero Hove. Vi får også besøk av baryton Aleksander Nohr og fiolinist Anders Larsen. Bernt Bøe speler tradisjon tro til Deilig er jorden mot slutten av konserten.

I fleire år har vi hatt med oss unge talent frå bygda, og i år er vi så heldige å få med oss pianist Martin Pihl Strand frå Surnadal. Han er elev ved musikklinja på Atlanten vgs i Kristiansund, og spelar blant anna i Nordmøre Ungdomsstorband og Kristiansund storband – ein skikkeleg dyktig kar som vi heilt sikkert kjem til å få høyre meir frå framover.

Medvirkande på årets konsert:

Tonje Eero Hove - sopran

Maria Nohr - mezzosopran

Aleksander Nohr - baryton

Anders Larsen - fiolin

Hedda Hansen Berg - klaver

Martin Pihl Strand - klaver

Bernt Bøe - orgel

Aleksander Nohr (opp, venstre), Martin Strand (opp, høyre), triOpera (ned, venstre) og Tonje Eero Hove (ned, høyre)
Aleksander Nohr (opp, venstre), Martin Strand (opp, høyre), triOpera (ned, venstre) og Tonje Eero Hove (ned, høyre)

...


ANNONSE:

Billetter får ein kjøpt på hoopla og i døra (Vipps).

Meir om artistane ligg ute på facebook-arrangementet:

https://www.facebook.com/events/1514500809018163/

Stangvik kyrkje, 16.desember kl. 19.00

Powered by Labrador CMS