ANNONSE:

Allehelgensdag i Rindal

Soknerådet i Rindal ynskjer å invitere folk inn i varmen i Rindalskyrkja frå kl.16 sundag. Den vil vera open fram til gudstenesta byrjar kl.19.30.

Dagen blir markert med gudsteneste i Øvre Rindal kapell kl.11 og i Rindal kyrkje kl.19.30. Båe plassane blir namna på dei som er jordfesta sidan siste Allehelgensdag lese opp. I kapellet blir det gudsteneste med nattverd og kyrkjekaffi. I Rindalskyrkja blir det ikkje nattverd, men meir musikk. Salmevalet blir noko ulikt, men tekstar og preike blir nok den same båe stadene. Vel møtt!

Powered by Labrador CMS