17. desember
Trollheimsportens Adventskalender 2021 viser utsikta ut frå ei bedrift eller kjent bygning i Rindal eller Surnadal. Kanskje det hjelper med eit lite tips også!
Her finn du også gårsdagens luke, premiar og vinnarar. Trekninga blir utført på føremiddagen dagen etter, og da blir navna på vinnarane fylt inn.
Svar på luke 16: Sparebank 1 Nordmøre på Skei
Dette skriv innsendarane:
Dagens luke er Sparebank 1 Nordmøre som er på Skei i Surnadal. De var tidligere Surnadal sparebank. - Ola Bjørnås
Ja det var kakelinna si det. Klisj, klasj. Katta kom inn gjennomvåt og strøk seg om leggene. Prøvde seg på å komme oppi fanget. Ja særlig. Å nei du. Her er det stengt. Kom tilbake nå du er tørr Lurven. I dag er Trollheimsporten på besøk neppå Skei. Sparebank 1 Nordmøre. - Åshild Langli
Vinnarar for luke 16:
Gave: Ett par babytøfler. Valgfri farge, turkis, rød eller lilla. Verdi kr 350,-
Givar: Ullkorga AS, Rindal
Vinnar: Unni Bolme
Gave: Gavekort på 200 kr hos Surnadal camping Brekkøya
Givar: Surnadal camping Brekkøya
Vinnar: Kåre Haugen
Gave: Rindal heimbygdlag sitt årsskrift 2021
Givar: Rindal heimbygdlag - Denne premien kan hentast på Trollheimsporten sitt kontor i 2. etasje i Rindalstorget.
Vinnar: Oddbjørn Heggem
Vi gratulerer!
Gaven kan hentas hos givarbedrifta dersom ikkje noko anna er oppgjeve. Vinnarane får melding på e-post.
Det var 120 rette svar denne gongen.
Luke 17:
Tips: Leikeplass og markedsplass.
Kvar trur du dette er? Send svaret ditt til adventskalender@trollheimsporten.no. (OBS! Ny epost-adresse!). Legg gjerne til ein kort kommentar eller nokre ord om eit minne eller ein episode du forbind med denne staden.
Svarfrist: Midnatt.