12. desember

Publisert Sist oppdatert

Trollheimsportens Adventskalender 2021 viser utsikta ut frå ei bedrift eller kjent bygning i Rindal eller Surnadal. Kanskje det hjelper med eit lite tips også!

Her finn du også gårsdagens luke, premiar og vinnarar. Trekninga blir utført på føremiddagen dagen etter, og da blir navna på vinnarane fylt inn.

Svar på luke 11: Røv Mølle Norgesfôr

Dette skriv innsendarane om plassen:

I dag er vi på Røv mølle hjå Tove og Lina. Dei yter fantastisk service. Om det er mat til hund og katt, eller kraftfor til større dyr- så gjer dei det dei kan for å få varene levert snarast.Sjåførane deira gjer og ein fantastisk jobb.Trivelege og service innstilte dei slik som sjølfolket! -Møyfrid Torvik Røkkum

I dag må svaret være Røv Mølle. Produsent av kreftfor og dyrefor som hunde/kattefor m.m. Ja allslags for for dyr Og også utstyr til dyr.Minnes også at vi var på Gammelstua på Røv og så på ørna bonden der hadde i bur under låvebrua. Spennende for ei lita jente. -Åshild Langli


Vinnarar for luke 11:

Gave: 6 Flax-lodd
Givar: Rørservice AS, Rindal

Vinnar: Lars Gudmund Røen


Gave: Gavekort på vask av ei dyne hos Elshaug renhold

Givar: Elshaug renhold

Vinnar: Margret Meland

Gave: Boka "Med palett og polkadotter"
Givar: Inga Dalsegg

Vinnar: Sissel Aasgård


Vi gratulerer!

Gaven kan hentas hos givarbedrifta dersom ikkje noko anna er oppgjeve. Vinnarane får melding på e-post.

Det var 96 riktige svar.

Luke 12:

Tips: Slagord på Trollheimsportannonse: «Snakk med oss om «det»»!

Kvar trur du dette er? Send svaret ditt til adventskalender@trollheimsporten.no. (OBS! Ny epost-adresse!). Legg gjerne til ein kort kommentar eller nokre ord om eit minne eller ein episode du forbind med denne staden.

Svarfrist: Midnatt.

Powered by Labrador CMS