10. desember

Publisert Sist oppdatert

Trollheimsportens Adventskalender 2021 viser utsikta ut frå ei bedrift eller kjent bygning i Rindal eller Surnadal. Kanskje det hjelper med eit lite tips også!

Her finn du også gårsdagens luke, premiar og vinnarar. Trekninga blir utført på føremiddagen dagen etter, og da blir navna på vinnarane fylt inn.

Svar på luke 9: iTrollheimen, med kontor i Rindal sentrum.


Dette skriv innsendarane om plassen:

I dag ser vi ut vinduet fra kontorlokalene til iTrollheimen. Det er vel her de legger de fleste planene som gjennomføres i det fantastiske området de disponerer, Trollheimstunet i Helgetunmarka. Blide, positive og topp humor på Åse, Gøran og nyansatte Knut Ole. - Kari Mette Skjølsvold

Dagens bilde er fra iTrollheimens lokaler i Rindal sentrum. Vi skimter en bit av gårdagens oppgave til høyre i bildet - Jette R. Estensvoll

Vinnarar for luke 9:

Gave: Pose med produkt frå Svinvik gard sin nettbutikk (kaffe, såpe og honning).
Givar: Svinvik gard

Vinnar: Anita Grytbakk

Gave: Trening i en månad hos Atleta
Givar: Atleta AS, Surnadal

Vinnar: Kari Jorun Bøvra

Gave: Tre julehefte frå Fonna forlag: Vangsgutane, Larris og Ingeniør Knut Berg
Givar: Trollheimsporten

- Kan hentast på Trollheimsporten sitt kontor i 2. etasje i Rindalstorget.
Vinnar: Synne Dalsegg Løseth

Vi gratulerer!

Gaven kan hentas hos givarbedrifta dersom ikkje noko anna er oppgjeve. Vinnarane får melding på e-post.

Denne gongen var det berre 56 rette svar. Mange hadde svart feil. Vi minner om at oppgåvene i år er å svare på kva for bedrift eller bygning bildet er teke FRÅ. Ikkje Kva vi ser på bildet :)

Luke 10:

Tips: Her finn du lite for kjøkkenskrivarar!

Kvar trur du dette er? Send svaret ditt til adventskalender@trollheimsporten.no. (OBS! Ny epost-adresse!). Legg gjerne til ein kort kommentar eller nokre ord om eit minne eller ein episode du forbind med denne staden.

Svarfrist: Midnatt.

Powered by Labrador CMS