Eli og Oles Adventskalender
Svar luke 5
Her står Øvre Dalen no. Det inneheld Statens Naturoppsyn, Verneområdestyret for Trollheimen og Rindal Kirkekontor, to leiligheiter over og fire hyblar under.
Vinnarar av premiar i Luke 5:
Gave: Gavekort 300 kroner
Givar: Sport1 Surnadal
Vinnar: Mona Grønli Myklegard
Gave: Sekk med noko attått/oppi
Givar: Rindalslist AS
Vinnar: Ingunn Nordvik
Gave: Rindal historielags årsskrift 2022
Givar: Rindal historielag
Vinnar: Gunnar Bureid
Denne gangen var det 59 rette svar.
Kommentarar:
Det nye bygget heter Øvre Dalen. Bygget ble bygd på tomta til Josten Haltli, som ble omtalt som Jostein Dala. Jostein laga også vannski som det var gøitt å få prøve på Tjønna. - Gøril Bakken
Øvre Dalen. Det vart vel og sagt Haltlidalen. Husker at Jostein Haltli laga Rindals-Ski der. Når han la opp produserte Landsemski barneski der en periode. - Lars Gudmund Røen
Huset som er der heiter Øvre Dalen. Før bodde Jostein Haltli der. Der dreiv han i kjellaren med skiproduksjon, skia hadde namnet Rindals Ski. Veit at Landsem skifabrikk leigde lokale der i sin tid for produksjon av barneski. - Anne Grete Grytbakk
Huset som står der no heter Øvre Dalen. Der er det næring i første etasje, og leiligheter i 2.etasje. - Kirsti Landsem
Øvre Dalen
Øverste bildet viser Rindal Skifabrikk og leiligheta til Jostein Haltli, "Haltlidalen" i Rindal sentrum. Her laga Jostein Haltli, Jostein Dala, Rindals-ski. Han laga også likkister. Dette huset stod ikkje så lenge.
Først var det eit kvitmåla hus her, som ei lita trønderlån. Det huset hadde fleire etasjar på baksida, mot dalen, enn på framsida. (Bildet er frå før 1911)
Dei to vinterbilda over er teke i 2011. Her kan vi sjå at Øvre Dalen vart bruka som tipp-stad for snøbrøyting. Her vart snøen liggande lenge utover sommaren. Sidan Jostein Haltli gjekk under kallenavnet Jostein Dala, vart snøhaugen kalla "JosteinDalsbreen".
.