Eli & Oles Adventskalender

Det kan vere mykje folk på Snota på fine sommardagar.

Svar Luke 3

Dette er Snota 1669 meter over havet. Gunn Sande har meir enn 200 turar til toppen av Snota.

Vinnarar av premiane i luke 3:

Gave: Små ulltøflar
Givar: Ullkorga AS
Vinnar: Turid Kristin Simundset

Gave: Snøspade og sekk
Givar: Gjensidige Surnadal, Heim og Tingvoll
Vinnar: Jon Inge Kvam

200 turar

Vi har grunn til å tru at Gunn Sande frå Surnadal er den som har vore flest turar på Snota.

Gunn Sande sin tur nr. 200 til Snota den 10. september 2019 vart feira!

Alt i 2019 passerte ho 200 turar på denne flotte Trollheimstoppen. Det har vorte berre 10 turar til i koronaåra og tida med anleggstrafikk og styr i samband med arbeidet på kraftverkdammane.

- No har ho ikkje vore der sidan mars, seier ho.

Gunn Sande over Snotvatnet med Trollhetta, Svartådalen, Geithetta og Mellomfjellet i bakgrunnen.

Gunn kan ta ein tur på Snota etter arbeidstid. Rekorden opp på sommar er 1t.48.min. og om vinteren 2t.15min. Ei veke var ho på toppen 4 gonger.
- Da vart eg litt sliten, fortalte ho til Trollheimsporten.

- Eg nyt tida på toppen! Og så møter eg så mange gaue folk, legg ho til.

Det var meir folk tidlegare. For 10 år sidan kunne det vere kø ved parkeringsplassen. No er det andre turmål folk vel.

- Er det andre turar du vil anbefale i Trollheimen? Spør vi.

- Det er så mange fine plassar i Trollheimen, men eg trur eg set ein randonnetur til Dronningkrona eller Grøvelnebba som beste vinterturen. På sommaren var beste turen min til Store Trolla, seier Gunn Sande.

Vi ønsker kvarandre god fjelltur, slik vi kan lese meir om på Trollheimsporten!

http://old.trollheimsporten.no/snota.171339.no.html

På tur inn i Trollheimen. Snota og Litj-Snota i det fjerne.

Powered by Labrador CMS