Eli & Oles Adventskalender

Frå Kjerklandet sjer vi det nye huset kjem opp på tomta der Trollheim sto. Dette byggefeltet blir kalla Trollfaret og med dei nye husa som er kome opp, blir adressa til det nye huset truleg Trollheimsvingen.


Svar Luke 2

Bustadhuset som er under oppføring, ligg i byggefeltet Trollfaret, like ved Trollbanen på Rindal Sentrum. Her vart Rindal Forsamlingshus sett opp rett etter andre verdenskrig. Seinare vart namnet Trollheim.

Publisert Sist oppdatert
Oversiktsbilder over Rindalsplatået frå Høglia

Vinnarar av premiar i Luke 2:

Gave: Juledekorasjon fra blomsteravdelinga
Givar: Bunnpris Rindal
Vinnar: Anne Margrete Grendal

Gave: Fødselsdagskalender
Givar: Inga Dalsegg
Vinnar: Ingunn Nordvik

Kommentarar:

Trollheim lå jo der. Mange trivelige treff der ja. –Lisbet Stenbro

Det bygges nå hus der forsamlingshuset Trollheim sto før. «Beste tomta i by’n». –Kirsti Landsem

Heisann heisann. Ja , no er tida kommet for julekalenderen igjen. Kom så altfor fort på meg i år. Som vanlig kom mitt barnebarn hjem fra skolen og sa. " Væt du bæssmor i dag Fekk e det ti kalenderen min. Å hoj, D ha e glømt tå Ola". Sa jeg da. Og det hadde jeg virkelig gjort. Men "gave" ble fort funnet i. Så i dag ligger det kalendergave og venter. Dagens oppgave må bli huset Trollheim. Stedet der jeg møtte min kjære. –Åshild Langli, Rindal.

Trollheim forsamlingshus, Sportsklubben Troll si storstue med storsal og scene i 2. etasje og Trollstøggu og garderober i 1. etasje. I Trollheim var det mange gaue bygdafester, revyer og kino blant annet. – Anni Karlstrøm

Trollheim

Det var Sp.kl. Troll som i samarbeid med andre frivillige organisasjonar i bygda fekk realisert bygginga. Det var først i 1970 at Sp.kl. Troll tok over andelane til Rindal Skytterlag, Rindal Arbeiderparti, Rindal Småbrukarlag, Rindal Bondelag og Rindal Husmorlag mot at Troll tok over lånet i Rindal Sparebank.

Etter dette fekk forsamlingshuset namnet Trollheim.

På folkemunne vart det kalla berre “Huset”.

Trollheim frå nord, i "bunkersen" var det garderobar mest brukt i forbindelse med fotballkampar på Trollbanen. Bilde er frå 2011.

.

OL-mønstring 1952 foto Gløer Halvorsen Trollposten 1 1985

På dette gammelbilde, som ifølge Trollposten var teke av doktor Gløer Halvorsen, kan du sjå taket på Trollheim bak bretten på høgre i bilde. Til høgre for Trollheim ligg skifabrikken Landsem Ski på eiendommen Holt. I nabohuset til fabrikken hadde skimakar Even Landsem heimen sin. Bilde er frå eit OL-utakingsrenn i januar 1952.

.

Dette bilde var publisert i Sp.kl Troll si klubbavis, Trollposten i 1984. Truleg er nødutgangen ut frå salen i 2. etg ganske ny her.

Trollheim vart reve i 2013.

Trollheim under riving.
Bildet frå aust, teke januar 2013. Trollheim under riving. Legg merke til det tidsriktige avrunda taket.

Her kan du lese innlegg på Trollheimsporten frå 2013:

http://old.trollheimsporten.no/blautkake-og-skryt-for-riving-av-bygg.5207391-150715.html

.

Fra rivinga av Trollheim 2013.

Det er Geir Magne Glåmen og Marit Ustad Hove som skal flytte inn i nybygget på Trollheimstomta. Geir Magne har vokse opp i Rindal. Marit Ustad Hove er oppvoksa på Storås. Truleg pendla mor til Marit, Hege Ustad Hove, til Rindal då Marit var lita. Hege var ein kollega av underteikna på Ullkorga først på 2000-talet. Det kan også nemnast at far til Marit, Jens Hove, er trenar for Rindal IL sitt damelag i handball.

.

Trollheim sett frå Trollbanen april 2005.
Her kan du sjå huset som kjem opp på tomta til Trollheim fra Trollbanen november 2022.

Like nedafor huset til Geir Magne og Marit ligg Trollbanen. Der har mor til Geir Magne spela mange fotballkampar. Mette Tørset står registrert med 37 fotballkampar på seniornivå for Sp.kl Troll/IK Rindals-Troll i perioden 1983-86. Medan vi er inne på antall fotballkampar, kan vi nevne at Geir Magnes bestefar er den som har klart flest fotballkampar på seniornivå i Rindal. Edvin Tørset spela heile 455 offisielle kampar i løpet av 31 sesongar i perioden 1952-1983 for Rindal IL. Disse tala er henta frå boka som vart utgjeve i anledning 75-årsjubileet til IK Rindal-Troll i 1994.

Trolls pikelag 1983 presentert i Trollpostens fotballprogram. Bak f.v.: Gunveig Røen, Hilde Landsem, Marit Grøseth, Mette Tørset, Aud Jonli, Rannveig Bjørnstad, Bente Bakken, Ingrid Røen. Foran f.v.: Eli Solvik, Anne Karin Opøien, Brit Bakken, Lene Bakken, Britt Evjen, Lisbet Jonli.
Enda ein kuroisitet fra Trollposten som vart til Rindalstrolle' etter samanslåinga av Sp.kl. Troll og Rindal IL. Her sjer vi besteforeldra til husbyggaren Geir Magne i Trollheim på årsmøtefesten for IK Rindals-Troll i 1989. Tidlegare nevnte Edvin Tørset og kona Gerd sitt sammen med Edvin Landsem og Reidar Helgetun med koner. Truleg er dette eit bord reservert for æresmedlemmer i klubben. Medan Edvin var ei ledendarisk fotballspelar, var Landsem og Helgetun mest kjent for sine langrennsbragder.

.

Drag row
Mens vi er i siget, tek vi med enda ein Trollbane-link, denne fra Dalguten og Storås. Husbyggar Marit Ustad Hove sin bestefar, Erlig Hove, var ofte å sjå på Trollbanen som fotballdommar. I dette tilfelle klar til det som for ei kort stund var verdens lengstvarende fotballkamp mellom Troll og Dalguten i 1979. Kampen varte i 51 timar.

Bildet av fotballdommar Erling Hove er det Edgar Kattem som har teke.

Her kan du sjå fleire bilde frå kampen:

http://old.trollheimsporten.no/verdensrekord-i-maratonfotball-i-1979.4739010-137312.html

.

Powered by Labrador CMS