Eli & Oles Adventskalender

Landsemgardane er kjente for ski og skiløparar. Mange gode skifolk frå desse gardane gjekk for Sportsklubben Troll.

Svar Luke 16

Dette er Landsemgardane Utistu og Austistu slik vi ser dei frå fylkesvegen etter at gamlefjøset på Utistu er borte.

Publisert Sist oppdatert

Vinnarar av premiar i Luke 16:

Gave: Gavepakke fra Bakken helse: En måned gratis trening, vår gode håndsåpe og en pakke Pukka te.
Givar: Bakken Helse
Vinnar: Gro Løfaldli

Gave: Sylinder med Twist, 1,5 kg
Givar: Børset Bygg AS
Vinnar: Ole Fosseide

Gave: 4 Flax-lodd
Givar: Rørservice AS
Vinnar: Gunnar Bøe

Kommentarar:

Dagens bilde er fra Landsemgårdene i Rindal. Vår svigerdatter er fra en av gårdene, så der har vi vært oppom mange ganger og fått god servering og trivelig prat!
- Hans Hoset

Kjente trakter, dette er mitt nabolag. Det er Landsemgardene. Utistu til venstre, og Østistu til høyre. I Østistu’n bor det fire generasjoner til sammen, og i Utistu’n tre. - Kirsti Barbo Landsem

Eg er ikkje så mykje kjent i fjellheimen og svara mine ber preg av det! Denne gongen slår eg til: Dette er utistu og austistu Landsem med Høglia bakafor. Den fine låna i utistua er no godt synleg etter at gammelfjøset vart reve.
-Ragnhild Stavne Bolme

Det var 79 riktige svar på denne oppgaven.

Flyfoto frå Landsem Austistu.
Flyfoto frå Landsem Utistu.

Austistu og Utistu Landsem

Både Eli og Ole har tilknytning til desse gardane. Ole si tante budde her. Eli er oppkalla etter si oldemor, Eli Landsem, som kom frå Austistua og gifta seg med Jon Landsem frå Utistu. Eli og Jon er tippoldeforeldre til den Jon som driv Utistu i dag.

Landsemnamnet er mest kjent innanfor ski og skiproduksjon. Den mest merriterte er Edvin Landsem frå Austistu som var norgesmester på 50 km og deltok både i OL og VM. Skimakaren Even var frå Utistu. Det er nok fortsatt skirennarar der ute som har eit par Landsemski som dei brukar av og til. Gardane kan også skryte av ein landslagsspelar og -trenar innan damefotball i slekta, som også er oppkalla etter tidlegare nevnte Eli.

Landsem Utistu etter at gammelfjøset vart reve. Garden fekk nytt fjøs for ti år sia. På Austistu er det også satt opp nytt fjøs ganske nylig. Bak trønderlåna skimtar du det berømte redskapshuset.

Utistudagane

Men denne gongen er det den "hemmelege" musikkfestivalen du skal få lese om. Kvart år 1. pinsedag blir Utistudagene arrangert i redskapshuset. Initiativtakar Ingebrigt Landsem fortel at det starta med at kjerringa Edith ønska seg ein konsert med Oldtimers, Ingebrigt sitt band, og Taxi Boys, sønnen Jon sitt band, til bursdagen sin på den nybygde altanen på trønderlåna.

Vi har ikkkje bilde av Taxi Boys frå glansdagane, men her har nokre av dei comeback til Utistudagene 2013. F.v. Lars Ole Løseth, Håkon Fredriksen, Jon Landsem, Reidar Løfaldli.

Bandet Taxi boys besto av Reidar Løfaldli, Jo Ranheim, Lars Ole Løseth, Ole Einar Stavne, Jon Landsem og Håkon Fredriksen. De fleste av dem har spilt sammen siden 1995-1996. Fløytist, vokalist og gitarist Lars Ole kom med i 2001.

Men på bursdagen var det så dårleg ver at dei måtte opp med ein plan B som vart å rydde ut plogar og anna redskap frå redskapsbua og rigge opp til konsert der. Dette var i 1995, og i 2019 var det 25-årsjubileum. Som dei fleste store kulturarrangement, har også Utistudagene hatt koronapause i 2 år, men har trua på nytt arrangement neste år.

Gardskjerringa på Landsem ønska seg konsert til med Oldtimers og Taxi Boys på bursdagen sin og det vart starten på ein lang tradisjon med med konsert og dans i redskapshuset.

Dette er Oldtimers anno 2012. Bandet består av brødrepara Einar og Magne Lillegård og Ingebrigt og Lars Landsem.

At arrangementet er "hemmeleg" betyr berre at det ikkje blir annonsert på nokon annan måte enn gjennom jungeltelefrafen. Har du ein gong fått ein invitasjon, er den på livstid og du kan ta med familie og venner. Konseptet er at alt er gratis. Arrangøren tilrettelegg med Oldtimers sitt lydutstyr og fyrer opp grillen. Resten er opp til deg, mat og drikke tar du med sjøl. Tradisjonen er at det startar med ein times konsert, etter fjøstid så klart. Og utover kvelden er det dans.

Dei første åra starta kvelden med grilling. No er det Pan Hoset som kjem med bilen sin frå Surnadal til Landsemgarden, så gjester og musikanter kan kjøpe seg mat. I bakgrunnen ser du gammelfjøset som vart reve i sommar.

Generalprøve

Primus motor Ingebrigt har også hatt ein finger med i arrangementet Bøgdakvelden i Rindalshuset. Bødgakvelden er åpninga av kulturvøkku, som blir arrangert kvar sommar i Rindal. Då har Ingebrigt invitert artistane som opptrer på Bøgdakvelden til Utistu som generalprøve. Spesielt dei artistane som er uerfarne eller kanskje har ei comeback, tykkjer det blir litt mindre skummel når dei brukar Utistukonserten som ein generalprøve. Her klappar publium for alle og artistane får teste ut tekninsk utstyr, og for eksempel ein lydprøve som kan være ukjent for nybynnarar.

Bettina og Jostein Helgetun hadde sin generalprøve på Utistudagene før Bøgdakvelden i Rindalshuset.

Konseptet er at den som vil får prøve seg. Det er ein arena for dei unge å få prøve seg framfor eit entusiastisk og lydhørt publikum. Ingebrigt fortel at både Batteri frå Surnadal og Jo Sverre har debutert her. Det har vore stor variasjon i underhaldninga, garden har dyktige musikarar og revyartistar innan slekta som har opptredd, men også mange venner og deira nettverk som har opptredd på Utistu.

Jo Sverre lever i dag av musikken sin. Han fekk sin nervøse debut i redskapshuset.
Karstein Mauset har bidrege til underhaldninga fleire år, både som soloartist og saman med andre.

Mange lokale og ukjente har fått vist talentet sitt, men også meir kjente artistar som Arnsteins, Sveinung Sundli frå Gåte og Ida Jenshus har spela i redskapshuset. Ida var berre 16 år då ho slutta på skulen for å satse som artist. Under eit rindalsbesøk meinte venner av familien at ho var dyktig nok til å opptre i redskaphuset på Utistu Landsem.

Ein ung utgave av Ida Jenshus spela på Utistudagene i 2005.

Ho vant talentkonkurransen Lyden av lørdag som gikk på NRK1 høsten 2007. Våren 2008 spela ho inn sitt første musikkalbum.

Ny generasjon

Ingebrigt har vorte kårkall, og sonen Jon har tatt over garden og med det også ansvaret for Utistudagene. Etter kvart er også tredje generasjon involvert på scena. Ein går ikkje tom for aktørar. Arrangementet samlar alle generasjonar, men utover kvelden går dei eldste og dei yngste kanskje litt tidlegare heim. Når den siste går heim, har den lyse natta alt vorte enda lysare.

No har sonen Jon teke over ansvaret både for garden og Utistudagene. Også neste generasjon får inn musikken med morsmjølka og på pappas fang. Pinsa 2018.
Det starta som ei bursdagsfeiring til kjerringa. No kan kårkaillen med barnebarnet Sofia på fanget kose seg som publikum, men han trives nok fortsatt best når han får spele sjøl.
Når karkaillen blir pensjonist, skal han kose seg med gamle videoar frå meir enn 20 år med kulturelle innslag. Einar Fiske har filma trofast i mesta alle åra, kanskje ikkje dei aller første.
Ingebrigt, Jon og Lars Landsem sammen med Reidar Løfaldli (som har gifta seg inn i Landsem-klanen) utgjer gruppa Past Masters, som spela mest Beatles. Her spelar dei opp til dans redskaphuset i 2018
Lars Ole Løseth syng opp til dans saman med Oldtimers. Lars Ole er forøvrig også ein rindaling som fått se ti ei tå Landsemna. Han spilte saman med Jon i Taxi Boys.

.

I 2019 song Kristin Aasgård Langli saman med faren Ronald. Kristin har gjort rindaling av seg og bur oppi Langlia.

.

Lone Lorgen og Ada Lillegård pinsa 2012
Jo Ranheim og Jeanette Paulsen pinsa 2017.
Hallgeir og Kåre Flø pinsa 2012
Lars Landsem med tre av sønnene sine. Pinsa 2018
Plakaten for Utistudagene er berre eit utgangspunkt, som regel blir det fleire band eller vokalistar som melder seg på i løpet av kvelden.

.

3 år gammel debuterte Leo Davadi Sundli i 2012.
Leo saman med bestefar Antonio Palomino, Los Horribles, og far Sveinung Sundli, Gåte.

10 år gamle Leo på gitar saman med vennen Gustav Engevik Kristiansen med bandet Snøstorm i 2019.

I år har Leo fått internasjonal platekontrakt under navnet Storm.

.

Frå Landsem Utistu er det god utsikt nedover Rindalen, Surnadalen og Honnstadknyken.
Frå Landsem Utistu ved midnatt med utsikt til Bjørnåsgardane. Det var sagt at når gammelbonden Jon sr, (bestefar til dagens bonde Jon jr) song, kunne dei høre det på Bjønnåsen.
Landsem Austistu ved midnatt. Månen står over Trollheimen og sola er ikkje langt unna.

.

1. pinsedag i 2012 var det ekstra mykje folk, for då starta Utistudagene med åpning og omvisning av nyfjøset.

Her kan du lese meir om bygginga av fjøset.

http://old.trollheimsporten.no/det-satses-klimavennlig-paa-utistua-landsem.4961402-137312.html

Frå nyfjøset i 2012. Det unike med fjøset er at dei ønska å bruke så mykje kortreiste materiale som mulig og det vart lag vekt på bruk av tre som hovedmateriale.

Kvifor det kallast Utistudagene sjøl om det er berre ein kveld i året, er for skrivaren eit mysterium.

Og for ordens skyld, oss kalla det for Utestu'n og Austestu'n å Landsæmna.

Pinsa 2016.

Konserten er i gang, skuvdørene er lukka for å halde på varmen. Den yngste vil heller kjøre traktor og Pan passar grillen til neste pause i musikken. Den eldste delen av redskapshuset ser du også på det gamle flyfotoet. Konserten blir halde i den noko nyare delen. Over taket skimtar du toppen av Skåkleiva. Det avlagte badekaret blir bruka til innsamling av pant.

Powered by Labrador CMS