Eli & Oles Adventskalender

Svar Luke 1

Dette er Ranessetra, som vi ser frå stien når vi går frå Skeisnebba hyttefelt til Honnstadknyken (Knyken).

Publisert Sist oppdatert

Vinnarar av premiar i Luke 1:

Gave: Julestjerne i stål
Givar: A.Kvam AS, Rindal
Vinnar: Gunnar Mo

Gave: Sparebøsse, Kahler
Givar: Møbel-Fiske, Fagmøbler Surnadal
Vinnar: Mette Sande

Gave: Gavekort på kinobilletter
Givar: Surnadal kommune, Surnadal kulturhus
Vinnar: Birgitte Kattem

Kommentarar:

Under 1. luke er det bilde av vakre Ranessetra. Fin runde å gå dit fra Skeisnebbvegen via Salen og tilbake. All honnør til de som har bygd opp stien med stein og royalbord. - Tonje Fuglås Kvendbø

Ranessetra med Ranessetervatnet i bakgrunn. Det er ei av få setrer som er oppmura av stein her omkring med saufjøs, seterskjel og kufjøs. Setra var under stort forfall da enrusiastar fekk på tak og retta opp en del murar. Stor innsats! - Holger Skei

Det er en kjempefin plass å besøke, og så utrolig fint opparbeidet. Kan virkelig anbefale å ta en tur opp. Fikk møte representanter fra Ranessetras venner når jeg var der oppe en tur i regnvêr. Da fikk jeg oppvartning med kaffe og litt informasjon om arbeidet som har vært utført der, samt bildevisning fra prosessen.
Videre god adventstid - Erlend Ekle

Det var overveldande respons på luke 1, med 144 svar, og alle var rett!

Vi beklagar at vi har litt oppstartsproblem med adventskalenderen, men vi håpar at vi får alt til å fungere som det skal i løpet av dagen.

Ranessetra

Snøen manglar i november, men istappane heng frå taket ved Ranessetra.
Hytteeigaren i Skeisnebba steller godt med småfuglane.

Adventskalenderen startar med bilde frå Eli sin første tur til Ranessetra. Eli Solvik er ein ivrig naturfotograf, men tykjer at i desse litt fargelause vinterdagane før snøen kjem, er det vanskelig å fine motiv.

Men i sekken vart zoomlinsa med. Og det skulle vise seg at den tørre vinterlufta er super å fotografera oversiktsbilde i.

Bilda med zoomobjektiv vart betre enn fotografen hadde venta.

Med lite blad på trea og utan den fuktige disen, vart det ganske bra oversiktsbilde. Så i det første lukesvar presenterer vi nokre oversiktsbilde over Surnadal fra tatt frå Skeisnebba.

Utpåturvennene Siv Bakken og Britt Grete Moen nyt utsikta utover mot Surnadalsfjoden.
I slalåmbakken har dei såvidt starta snøproduksjonen.

.

.

.

.

.

Ved enden av vegen i hytteområdet Skeisnebba kunne vi høre sprenging og graving av nye tomter.

.

.

Powered by Labrador CMS