17.mai tog med mann i elektrisk rullestol i front
Grendatoget fra Bele til Åsskard kyrkja

17.mai i Åsskard

Publisert Sist oppdatert

17.mai i Åsskard starta med grendatog frå Bele til Åsskard kyrkja. Ein sjarmerande prosesjon anført av John Inge Bævre Sollid med korpsmusikk på den elektriske sykkelen.

I 17.mai gudstenesta i Åsskard kyrkja aktualiserte Torbjørn Brøske dagens preiketekst med sterke påminningar om ulike moment i dagens samfunnsdebattar. Torbjørn forretta i tre gudstenester på 17.mai. I Stangvik, Åsskard og i Todalen. Rannveig gjorde ypperleg klokkarteneste i Stangvik, og støtta opp om gudstenesta her i Åsskard og i Todalen.

Prest i presteklær og dame i bunad
Torbjørn Brøske forretta i tre gudstenester i dag. Her sammen med kona Rannveig Brøske

May Iren (Mayse) Dønheim Hovde heldt deretter appell og la krans ved minnebautaen over soldat Gunnar P. Bøe, som fall i slaget ved Gratangen i april 1940.

May Iren (Mayse) Dønheim Hovde la krans ved minnebautaen over soldat Gunnar P. Bøe.
Powered by Labrador CMS