Diakonalt i Åsskard
Diakoni var tema på soknerådsmøtet i Åsskard tysdag. Kva inneber dette ordet her i lokalkyrkja?
Kall det gjerne «omsorgsteneste» - eller meir poetisk: «Evangeliet i handling». Det omfattar nestekjærleik til enkeltmennesket i kvardagen, inkluderande fellesskap, med møteplassar der kvar og ein blir sett og verdsett, og ikkje minst kampen for rettferd med støtte for svake grupper som lid urett. Vern om skaparverket er også eit stort diakonalt ansvar i vår tid.
Treng oss
Bak dette talar vel også Bibelen – der Jesus seier: - «Det de gjer mot ein av desse mine minste, det gjer de mot meg.» Altså gjeld det dei som treng oss.
Kyrkja sine to diakonar i Surnadal, Gro Hauge Venås og Aud Brynhild Indset, har som arbeid å organisere denne tenesta i sokna.
Enkelt og jordnært
På møtet i Åsskard deltok Gro Venås i oppdateringa av lokal diakoniplan. Gjennom enkle, jordnære tiltak prøvar den å sette visjonane ut i livet. - Mange fine tiltak er i gang i sokna våre, sa Gro. – Felles for alle sokna er tilbod om samtale- og sorggruppe, andaktar ved sjukeheimen og treff i omsorgsbustadene på Skei.
Små tiltak – stor samanheng
Mange små lokale tiltak oppfyller deler av kyrkja si overordna målsetting. Det gjeld alt frå invitasjon til samlingar (via kyrkjekalender, plakatar og lokalmedia), skysstilbod, samlande fellesskap - frå kyrkjekaffe til hobbykveldar og kyrkjebåtroing, misjonsarbeid, nødhjelpsaksjon, inkluderande songtiltak og alle ulike gudstenestesamlingar.
Storparten av dette er lokal tradisjon. Diakon og sokneråd er samde om å vidareføre det meste. Kvar for seg små tiltak, men ledd i den store samanhengen: «Evangeliet i handling».