Kyrkjestua tysdag:

Eva og Randi stiller med mange idear, material og utstyr.

Juleverksted i Åsskard

Før jul og påske kvart år inviterer kyrkja i Åsskard til hobbyaktivitet. Tysdag kveld samlast ungar - og gjerne vaksne - til «Juleverksted».

Publisert

Her skal det lagast fargerik julepynt, kort og dekorasjonar av ymse slag.

Instruktørane Randi Bøe og Eva Jorid Svendsen har i vekesvis pønska ut artige idear og kjøpt inn materialar som flittige hender kan ta tak i. Sjøl har dei laga eksempel og halv-fabrikata som kjem til nytte.

– Slike kveldar har vist seg å inspirere små og store. Vi har alltid hatt god oppslutning. Det ser ut til at alle kosar seg på «verkstedet» i den trivelege Kyrkjestua vår!, seier Randi.

Hjemmelagde julekort på en rød duk
Nøtter, dorullar og papirark kan bli fin julekunst!
Nissar, englar og stjerner blir det sikkert laga mykje av.

Soknerådsleiar Eva føyer til: 

– Vi håpar stua blir fylt av liv og lyst og at det blir laga mange flotte jule-ting denne tysdagskvelden!

Mange mennesker sitt rundt bord og spiser mat
Og kveldsmat til slutt – i år som på dette biletet frå i fjor!

Ho lovar også at det blir skikkeleg kveldsmat som avslutning på aktivitetskvelden.

Powered by Labrador CMS