ANNONSE:

Ine og Edvard Hoem

Alt vi har kjært

Far og dotter Hoem, med band, på turné saman. Og 23. september kjem dei til Surnadal kulturhus.

Ine Hoem og far Edvard har opplevd stor suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile landet med sin forfattarskap, og no sist med «Felemakaren» – ein roman som også har sterke todalsinnslag. Og dotter Ine har, med songar som «Jeg vil aldri hjem», gjort stor suksess med sin smakfulle visepop.

Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter har «alltid» vore der, men vart offentleg mest kjent gjennom den nye versjonen av «Å signa natt», som m.a. vart framført på «Lindmo» for eit knapt år sia. I haust slepp Ine Hoem (med band) albumet «Alt vi har kjært» der tekstene er skrive av faren; det meste nyskrive, men også med tidlegare kjende songar og salmer, som t.d. «Den fattige Gud», tonesett av Henning Sommerro.

Songane frå albumet er av dei som vil bli framført på denne konserten, medan Edvard Hoem vil lese frå «Felemakaren» og utvandrarromanane sine. Samspelet mellom far og dotter, der humor, alvor, musikk og tekst blir samanvevd, gjer dette til ei konsertoppleving utover dei vanlege.

Powered by Labrador CMS