Mange mennesker sitter tett rundt bordene
Tett rundt borda i den gamle skulestua på Årnes når Svein ønskjer vel møtt.

Fullt grendahus på Årnes

Strålande tur-ver, stappfullt grendahus og rikhaldig program skapte ein fin Årnesdag.

Publisert Sist oppdatert

Dagen starta med ein markatur og besøk på den gamle Musters-eigedomen Trøin. Denne gong var det opne dører her, og følgjet fekk gå inn og få seg kaffe.

Så samlast ein i grendahuset, den tidlegare Årnes skule. Her var det først ei overdådig servering med bidrag frå ein raus lokal komite. Brit Smenes og Inger Haugen gjorde ypperleg kjøkenteneste.

To kvinner sitter på hver sin stol og smiler
Smilande Brit Smenes (t.v) og Inger Haugen sørga for kaffe og servering frå kjøkenet.

Midlar til stadnamnmerking

Loddsalget gjekk strykande. Gunnar Nisja og Knut Kaupang styrte basaren på beste måte. Trekninga av gevinstar ville ingen ende ta, og det kom inn 12.400 kr til kulturarbeidet som Årnes-komiteen utfører.

Midlane går delvis til stadnamnmerking i Årnesmarka. Svein Årnes er databasen for dette, og Bjarne Røen har laga flotte skilt som blir sette opp. Komiteen har også fått bankmidlar til dette arbeidet.

Tre mennesker står sammen. To av de holder blomster og en holder et sitteunderlag av ull
Gunn Signe Aarnes, Svein Arnes og Bjarne Røen. Sistnemnde fortent vinnar av dagen hovudgevinst - eit sitteunderlag frå Inger Haugens meisterhånd.

Verbalt om kyrkjegard og kyrkjeuttrykk

Frontfigurane for Årnesdagen, Svein Aarnes og Gunn Signe Aarnes vart berømma for sin store innsats og kvitterte med forsmak på ein komande artikkel i «Årsskrift for Stangvik Historielag» - om viktige gravminne på Stangvik kyrkjegard.

Som eit kyrkjeleg apropos fortsette Bernt Bøe med dagleguttrykk med opphav i Bibelen og muntre glimt frå salmesongens historie.

Fager kveldsol

Gamleskulen var fullsett til siste plass som alltid på Årnesdagane. Og som i gamle dagar tona «Fager kveldsol» ut i salen før det bar på heimveg – og det nettopp i fagert solskin.

Powered by Labrador CMS