TV-aksjonen 2025

TV-aksjonkomiteen i Surnadal: Fra venstre: Oddny Hoem, Mona Rita Rønning, fylkesleiar for TV-aksjonen Ulla Hay, Elsa Kvande og Siv Torvik

Bli med å gå årets viktigaste søndagstur

Søndag 19. oktober er det klart for årets TV-aksjon. TV-aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon, og Årets TV-aksjon har som mål å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom, gjennom Atlas-alliansen. Atlas-Alliansen er ein paraplyorganisasjon av åtte organisasjonar for og av funksjonshemma.

Publisert Sist oppdatert

Fylkesleiar for TV-aksjonen i Møre og Romsdal, Ulla Hay, fortel at hovuddelen av det som blir samla inn i årets TV-aksjon går til funksjonshemma i Ukraina og i Gaza, men også funksjonshemma i andre land med krig og fattigdom vil få midlar frå aksjonen. 

Treng bøsseberarar

I år er det første gongen sidan 2019 at det blir ein fysisk innsamlingsaksjon i Surnadal kommune. For å dekke opp alle innsamlingsrutene trengs det framleis fleire bøsseberarar, så komiteen for innsamlinga oppfordrar alle som har høve til å melde seg som bøsseberarar, om å bli med å gå årets viktigaste søndagstur. Melder seg som bøsseberar gjer ein på tvaksjonen.no eller tek kontakt med Siv Torvik ved Surnadal frivilligsentral.

Den lokale innsamlingskomiteen består i tillegg til rådet for Surnadal frivilligsentral av lokale frivillige lag og organisasjonar i Surnadal kommune.

Den lokale innsamlingskomiteen har som mål å greie å samle inn det dobbelte av det som er samla inn dei siste åra. 

– Dette bør vere mogleg, da årets innsamling er til eit viktig formål, seier Mona Rita Rønning i komiteen.

Inviterer alle til Frivilligsentralen på Skei 

Den lokale komiteen inviterer alle til Surnadal frivilligsentral sine lokalar i Fiskegården på Skei frå klokka 15:00 – 18:00. Her blir det servert kaker, som er sponsa av lokalt næringsliv og kaffe.

Her blir det også loddsal med fine premiar. 

– Vi har fått tak i mange skikkeleg fine premiar, kan Elsa Kvande i komiteen fortelje.

Sverre Fiske og Siv Torvik

Den lokale banken opnar dørene 

SpareBank 1 har teke på seg oppdraget med å ta imot bøssene og stå for oppteljinga av dei innsamla pengane. Sverre Fiske og Liv Dalsegg har gått i bresjen for å få til dette.

- Vi tykte dette var ei god sak, og når det igjen vart fysisk innsamlingsaksjon i kommune, så ønsker både banken og vi å bidra, seier dei to.

Ta godt imot bøsseberarane 

Ta godt i mot bøsseberarane på søndag oppfordrar den lokale komiteen, samtidig som dei håper på at folk melder seg som bøsseberarar!

Powered by Labrador CMS