En buss i Kristiansund

Prisjustering på buss og ferje frå 1. januar 2026

Takstar på buss, båt og ferje går opp frå 1. januar. Det blir også sommartakst på ferje, men hyppige brukarar av ferjeruta blir skjerma, skriv FRAM i ei pressemelding.

Frå 1. januar 2026 aukar prisane på FRAM-billettar med 3,5 prosent. Dette gjeld alle billettar, også FRAM UNG og periodebillettar der du reiser gjennom fleire fylke.For ferjene blir takstane endra slik at alle betalingssamband aukar med ein takstsone frå 1. januar 2026. I tillegg kjem den årlege prisjusteringa på ferjetakstane, som blir fastsett av Samferdselsdepartementet, heiter det i pressemeldinga.

– Vi veit at takstauke merkast for folk. Samtidig må vi tilpasse oss prisveksten og dei økonomiske rammene vi har for å sikre eit godt kollektivtilbod i heile fylket, seier seksjonsleiar for marknad i FRAM, Toril Karlsnes.

Sommartakst på ferje, men ikkje for dei som reiser mykje på strekninga

Frå og med mai 2026 blir det innført ein sommartakst på 50 kroner ekstra per tur for alle køyretøy på ferjesambanda i mai, juni, juli og august. Men denne taksten fell bort for dei som brukar ferja mykje. Etter at et køyretøy har 4 turar eller meir innan ein 30-dagarsperiode på same ferjestrekke så fell taksten bort. Slik blir pendlarar, næringsliv og fastbuande som brukar ferja mykje i praksis skjerma for sommartillegget.

Vil søke statlege midlar til periodebillettar

Regjeringa varsla i statsbudsjettet ei ordning for å kunne redusere pris på periodebillettar i kollektivtransporten, informerer Karlsnes.

– Når staten opnar for søknader, vil Møre og Romsdal fylkeskommune søke om midlar til reduksjon av prisen for periodebillettar. Målet vårt er å skjerme dei som reiser ofte og er avhengige av kollektivtilbodet.

Oppdaterte takstar blir publiserte i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen før endringane trer i kraft.

Sjå oppdaterte rutetider i FRAM-appen og på frammr.no

Powered by Labrador CMS