Kyrkjejubileet held fram:
Lokalt og klassisk fyller Jonsvaka
Sokneråd og kulturkrefter markerer jubileumsåret for Åsskard-kyrkja med mange tiltak. Sankt-Hanskonserten «Jonsvaka» 23. juni blir eitt av høgdepunkta.
På den tradisjonsrike kulturkvelden (no for 43 . gong) vil tonar og tablå, bilete og historikk syne noko av det kyrkja i bygda har betydd i 150 år. Første del av kvelden skal vise mykje levd liv i kyrkjelyden og gudshuset.
I konsertdelen hentar koret Prosjekt 17 med kammerorkester fram klassiske og lokale tonar. Her er utsynet vidt – både historisk og geografisk. Koret øver no på godbitar av Bach, Handel og Mendelsssohn. Og Griegs mektige «Landkjenning», så å seie eit kyrkjejubileum i seg sjøl, syner visjonane hos både Olav Tryggvason og kyrkjebyggjarane i Åsskard.
Ein av dei var klokkar og lærar Kristian Aasgaard (1839-1940) – bygda sin kanskje største kulturperson gjennom tidene. Til minne om han, og samtidig som gåve til den 150-årige kyrkja, framfører kor og orkester «Folketonemesse frå Åsskard».
Der er nylaga liturgitonar fletta saman med folkemelodiar frå bygda. Slik blir eit rykande ferskt «Kyrie» sunge i lag med «Gamleaaret seig i Hav» slik klokkar Kristian song det. Og attafor «Gloria» spelar orkesteret ein danseslått frå Svorka!
Jonsvaka har sia 1982 kombinert musikk og lokal kultur av mange slag. Arrangørane kjem tilbake med meir om innhaldet når Sankt-Hanskvelden nærmar seg.