Ekstra formannskapsmøte i Surnadal

Flere personer som sitter rundt et stort bord i møte.

 – Trur det var den einaste rette måten 

Tysdag kveld hadde formannskapet i Surnadal eit ekstra møte. Fire av formannskapet sine medlemmar hadde bedt om eit møte på kort varsel, for å drøfte hendingane før ordføraren sin kunngjering 23. september vart delt med media, og måten saka har vore handtert på.

Publisert

Det vart eit kort møte, på under ein time, med berre ei sak på agendaen.

Representantane i formannskapet fekk høve til å seie sitt om saka. Fleire understreka at kritikken ikkje handlar om sjølve saka, men den politiske handteringa av saka.

Ordførar Hugo Pedersen uttalte at dette har vore ei svært krevjande sak, og at han forstår at den har vore krevjande for formannskapet óg. Han sa at det har vore jobba godt og grundig med denne saka, og at han har hatt god hjelp og støtte av kommunedirektøren. Det regionale ressurssenteret om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) ved St. Olavs hospital har óg vore involvert i prosessen.

Ordføraren sa óg at formannskapet vart orientert om saka i eit tidlegare lukka møte, i april i år, og at han har teke med seg innspel frå formannskapet i begge møta der han har orientert dei om dette. 

Vidare sa Pedersen at ordlyden i kunngjeringa hans vart justert etter formannskapsmøtet 23. september, på grunnlag av det som kom fram i møtet, og han beklaga at han har uttalt at han følte at han hadde formannskapet si støtte i handteringa av saka. Det var slik han opplevde det, sa han. Ordføraren uttalte óg at han meiner at handteringa hans av denne saka ikkje kunne ha vore gjort så mykje annleis. Han sa at han var forberedt på ulike reaksjonar, men han trur at dette var den einaste rette måten å gjere det på.

Etter forslag frå Bjørg Aa (H) gjorde formannskapet eit einstemmig vedtak om at formannskapet, som styre i Kleivafondet, tek ein gjennomgang av Kleivafondet, og opprettar eit rådgjevande utval for å gje innspel til vidare handtering. 

Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS