Family market på Skei opna
Klokka 10 tirsdag opna Ahmad Almalat sin nye matbutikk Family market i Elektrogården på Skei for første gong. Almalat kom til Norge frå Syria i 2015, og har sidan 2016 bodd i Rindal. Han har dei siste tre siste åra vore butikkmedarbeidar på Rema 1000 i Surnadal. Han er utdannet skredder frå heimlandet Syria, men har no altså blitt butikkmann.
Den nye matbutikken vil ha asiainspirerte tørrvarer, kjøl- og fryservarer, og butikken vil vere open kvar einaste dag. Han kan også tilby frukt og grønnsaker, og sjølvsagt litt drikke og godteri.
Almalat har sidan tidleg i fjor haust arbeidd med å pusse opp og tilpasse lokala til opninga på tirsdag.
– Jeg er glad for endelig å kunne åpne dørene, noe jeg har sett frem til lenge, seier Almalag.
– Dette er en drøm jeg har hatt lenge, som nå går i oppfyllelse, legg han til.
Da Trollheimsporten var innom rett etter lunsj, kunne Almalat fortelje at det ikkje hadde vore den store pågangen enda, men at han rekna med meir folk etter at dei var ferdige på arbeid på ettermiddagen. Men dei som har vore innom har vore positive til at det no blir mogleg å handle varer som ikkje er å finne i dei andre matbutikkane i bygda, og han har fått gode tilbakemeldingar på at butikken var fin.
Da vi var innom var Torgunn Betten innom for å handle.
– Jeg er virkelig glad for at det nå har kommet en slik butikk hit til Surnadal, det har jeg savnet, seier ho nøgd.
Almalat håper no at folk set pris på den nye butikken. Går det bra, så ser han ikkje bort i frå at han på litt sikt vil utvide butikken.