Midtsommar i Surnadal

Bankmila med rekordar og lokalmat-torg
Laurdag arrangerte SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal IL den femte utgåva av Bankmila. Her var det Minibankmila for dei minste på rundt ein kilometer, Bankmila utan tidtaking på rundt åtte kilometer og Bankmila med tidtaking på godt og vel ti kilometer.
Talet på deltakarar har auka kvart år, og i år kunne arrangørane notere nok ein deltakarrekord med totalt rundt 220 deltakarar.
Vêret var perfekt for deltakarane, med opphaldsvêr, overskya og ikkje alt for varmt. Erik Kårvatn frå Rindal IL sette ny løyperekord med tida 33:41.
– Eg trudde den gamle rekorden var uslåeleg, så det var overraskande at eg skulle slå den, var Erik sin kommentar etter løpet.
Minibankmila

Minibankmila er for dei yngste og det kilometerlange løpet går rundt Bårdshaugen. Her var det premie til alle som deltok, og totalt 120 fullførte løpet.

Bankmila utan tidtaking
Løypa for Bankmila utan tidtaking gjekk frå Skei, ned miljøgata, . Her konkurrerer ein mot seg sjølv, da arrangørane tek tida, men der berre den som vil får vite tida si, slik at ein kan samanlikne tida med tidlegare «bravadar»

Bankmila med tidtaking
Bankmila med tidtaking er for dei som ønsker å konkurrere mot andre, og altså Bankmilas «formel ein». Bankmila med tidtaking har seks klassar, løypa gjekk
Fullstendig resultatliste kan ein sjå på https://live.eqtiming.com/76899#result

Lokalmat-torg
Saman med Bankmila vart det også arrangert lokalmat-torg. Her var det mogleg å få kjøpt bakerivarer frå Lia gard, beitebasert urfekjøtt av Sidet Trønder og Nordlandsfe frå Jostua på Bele, gras- og beitebasert urfekjøtt av Sidet Trønder, Nordlandsfe og Grå Trøndersau frå Ansneset Gard og honning og honningprodukt frå Bians.
I tillegg hadde Surnadal Sanitetsforening Omsorg beredskap-stand.
Arne Berset fra arrangementskomiteen var storfornøyd med oppslutningen rundt årets bankmil, noe som gir inspirasjon til videre utvikling av arrangementet.