LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Verdsetting ?

Publisert Sist oppdatert

Ein storkrig er starta i Midt-Austen, og det hjelper korkje oss eller dei involverte at mange meiner at krigen er starta i strid med alle slags folkerettslege krav, og medan forhandlings-meklaren frå Oman meinte forhandlingane mellom Iran og USA om atomvåpenproduksjon var i svært positiv utvikling.

Men nokre lar seg kanskje trøyste av medieoppslaga: 3- eller kanskje 5 amerikanarar og nokre jødiske borgarar i Israel er drepne, meden fleire hundre vaksne i Iran og m.a. 165 iranske barn har mista livet og 96 barn vart skadde etter at ein amerikansk eller israelsk missil råka ein barneskole vest i Iran. Alle i vår del av kloden har jo lært at menneskeliv frå vår del av verda og våre støttespelarar er vesentleg meire verd enn arabiske liv og menneske frå Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Eivind Hasle
6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS