LESARINNLEGG:
Surnadal vgs – viktigare enn Todalsfjordprosjektet!
I desember skal fylkestinget i Møre og Romsdal bestemme vidaregåande skulestruktur i fylket vårt fram mot 2040, i lys av synkande elevtal og aukande økonomiske utfordringar. Dette er viktige avgjerder for framtida til ungdommen og lokalsamfunna våre, og for elevar i Surnadal og nordmørsbygdene som no er under Trøndelag si forvaltning er signala truande.
Fylkeskommuneadministrasjonen sine excel-ark viser mellom anna at det er lurast at det såkalla «påbygg»-tilbodet ved Surnadal vidaregåande skule (vgs) blir lagt ned, til fordel for Sunndal vgs. Vi har ingen fylkespolitikarar her på indre «indre» som kan tale vår sak, og politikarane frå resten av fylket kan fort følgje malen frå vedtaket i 2024 da barne- og ungdomsarbeidartilbodet i Surnadal vart abortert, òg til fordel for Sunndal vgs. Sjølv om det ikkje er eksplisitt sagt eller skrive, så treng ein ikkje vere konspirasjonsteoretikar for å sjå konturane av at dette kan vere steg i ei kontrollert nedbygging av Surnadal vgs, og at Sunndal truleg er tenkt som den framtidige einaste staden for vidaregåande opplæring i området vårt.
Relevant samarbeidsområde
Dette er ikkje revolusjonerande tankegods. Som tidlegare leiar i Todalsfjordprosjektet AS har eg vore engasjert i arbeidet med å realisere eit ferjefritt samband som ein katalysator for betre samhandling mellom innbyggarane og organisasjonane på indre Nordmøre, og vidaregåande opplæring har ofte vore nemnt som eit interessant og relevant samarbeidsområde. No har ein fylkeskommune nedtynga i rekordhøg gjeld imidlertid lagt Todalsfjordprosjektet til rundt 5 milliardar på tjukk permafrost, og fylkeskommunedirektøren har innsett at det nok vil gå lang tid før vi får ei økonomisk klimaendring som kan gi oss ei flytebru eller annan ferjefri måte å krysse fjorden på.
Derfor er det òg alt for tidleg å gjere grep no for å bygge saman desse skulane. Og sjølv om ei bru på plass ville gitt betre føresetnadar for samarbeid og -handling på indre Nordmøre, så kan ikkje eit slikt samarbeid vere tufta på at den eine parten skal få, medan den andre gir og gir. Det som har vore gjort det siste året og no ligg i planane framover er ei årelating av Surnadal vgs, som naturleg nok vil svekke både attraktiviteten og slagkrafta til skulen – og dalføret.
Bulyst og rekruttering – grunnmuren for livskraft
For skulen er meir enn eit undervisningstilbod – den er eit sosialt og kulturelt sentrum, ein møteplass, ein stor arbeidsgivar og ein grunnmur for bulyst og livskraft. Når ungdom får moglegheit til å ta vidaregåande utdanning i området der dei bur – utan å flytte på hybel – aukar sjansen både for gjennomføring og for at dei vél å bli verande i bygda. Mistar vi skulen, mistar vi ikkje berre eit tilbod – men den ungdommelege pulsen. Vi blir ein fattigare og mindre attraktiv region.
Næringslivet treng kortreist kompetanse
Surnadal / Rindal / gamle Halsa, som (sjølvsagt skulle ha vore éin kommune og) elevane til Surnadal vgs soknar frå, har ca. 10000 innbyggarar og eit særleg variert og solid næringsliv, med alt frå industri og teknologi til helse, landbruk og service. Når Surnadal vgs kan tilby både fleire yrkesfag og studiespesialiserande tilbod, gir det ungdommar valfridom og oss i næringslivet tilgang til dei ungdommane som har nærast tilknytning til både området og bedriftene, og som derfor har sterkast motivasjon til å bli verande i heimkommunane sine som helsepersonell, lærarar og andre yrkesaktive som næringslivet og velferdssamfunnet vårt er heilt avhengig av. Dei vidaregåande skulane samarbeider tett med næringslivet, og mange elevar får læreplass og arbeid i heimbygdene. Dette er heilt avgjerande for å sikre vekst og utvikling for bedriftene i Surnadalføret, som no har vorte ei fastlandsøy og ein utpost i Møre og Romsdal, tett på Trøndelag, som fleire og fleire vurderer som eit betre og meir naturleg alternativ å knyte seg til.
Viktigare enn Todalsfjordprosjektet!
Det kostar nokre titalls millionar i året å oppretthalde eit slagkraftig tilbod ved Surnadal vidaregåande skule. Dette er småpengar mot det det vil koste fylkeskommunen, i årtier, å lånefinansiere ei realisering av Todalsfjordprosjektet. Eg håpar inderleg at prosjektet blir realisert slik at ferjetabellen kan leggast bort for godt, men dersom det er snakk om å ofre Surnadal vgs til fordel for Todalsfjordprosjektet, så er ikkje eg i tvil om kva som er viktigast for Surnadal/Rindal/Halsa. Betre vegar og infrastruktur kan ikkje åleine sikre bulyst og levande bygder, det må tilbod og innhald til. Surnadal vgs har levert dette i over 50 år.
Det er det viktig at fylkestinget let skulen få halde fram med, og at politikarane stemmer for å bevare og utvikle tilboda ved Surnadal vidaregåande skule og oppretthalde denne som ein berekraftig del av den vidaregåande opplæringa på indre Nordmøre. Og – med ein ferjefri Todalsfjord ein gong i framtida – gjerne i ei tettare, gjensidig samhandling med Sunndal.
Trond Skogseth