
Nytt støttenettverk for bonden i Rindal og Surnadal
Rindal og Surnadal har etablert Bondens nettverk med brei oppslutning lokalt, frå kommunane, veterinærane, rådgivarapparat, avløysarlag, bankar, regnskapskontor, næringsorganisasjonar og fleire. Målet vårt er å gjere det lettare for bonden å be om hjelp, tilby betre hjelp og førbygge alvorlege kriser for folk og dyr.
Bondens nettverk er eit etablert konsept, innført i mange kommunar, etter initiativ frå Norsk Landbruksrådgivning (NLR). Rindal og Surnadal etablerer eigne nettverk, med tett samarbeid i oppstarten.
Her finn du kontaktinfo til Bondens nettverk Rindal
Her finn du kontaktinfo til Bondens nettverk Surnadal
Bondelivet er draumen for mange, med friheit, nærleik til naturen og meining som matprodusent. Samtidig kan bonden måtte tåle ekstra belastningar i forhold til folk flest. Mykje arbeid, åleine-arbeid, helg- og kveldsarbeid, personleg økonomisk risiko, ansvar for dyr og stor avhengigheit av forhold utanfor kontroll, som ver, rentenivå og politikk. Tett samanheng mellom arbeids- og familieliv gjer at problem kan få ringverknader, og opplevast altoppslukande og uangripelege.
Bønder tåler mykje, men ingen tåler alt. Bondens nettverk er klare for å hjelpe når du ber om det. Vi er folk som gjennom arbeid eller verv har som oppgåve å støtte bonden, gjennom alt frå økonomiråd til veterinærbehandlingar. Det nye med Bondens nettverk er betre samarbeid mellom oss og systematisering av tenestene vi tilbyr.
Vi har stort fokus på konfidensialitet, og vil ikkje dele personleg informasjon utan samtykke. Dei fleste av oss er i tillegg bundne til teieplikt i lovverk.
Snart vil vi markere oppstarten med eit storstilt felles arrangement på Sagatun. Dette har vi fått tilskot til frå Trøndelag fylkeskommune. Vi kan love god mat, triveleg selskap, latter og innhald til ettertanke.
Hald av kvelden onsdag 26. november. Vi kjem snart med meir informasjon om dette arrangementet.
Bondens nettverk Surnadal kommune
