Tor Strand til minne:

kor med røde og sorte kapper
Prosjekt 17 saman med Tor etter julekonserten i Åsskard 2023.

Takk for tonane!

Publisert

Ein folkesalme har tagna, jazzvisa har fått sin siste akkord, orgelet har tona ut mot det evige: Tor Strand er ute av tida.

Men tonearven lever: Det han sådde rundt seg, vil klinge vidare så lenge vi har levande musikkliv på Nordmøre.

Vi i koret Prosjekt 17 talar for mange når vi no takkar musikaren og mennesket Tor Strand.

Avskjedsstunda i Tingvoll kyrkje tegna eit frodig og fargerikt portrett av personen og musikkmennesket: Frå barndom i Kristiansund med talentfull pianoleik via studiar og familieliv til musikkarbeid på høgt nivå i Årdal, Røros og Tingvoll.

Konservatoriet i Bergen og orgelstudia hos Tor Grønn i Nykirken var solid fundament for ei stor livsgjerning, foredla med ytterlegare studium – som hos professor Grethe Krogh i København. Etter nokre år som avhalden organist, korleiar og musikkpedagog (piano, fløyte) i Årdal og Røros kom han i 1980 til Tingvoll – der kyrkjemiljøet da feira 800 år.

At vesle Tingvoll på kort tid vart eit kyrkjemusikalsk kraftsenter utan sidestykke på den norske landsbygda, skuldast først og fremst Tor, hans musikalske kvalifikasjonar og vinnande vesen. Han skapte entusiasme hos små og store, lek og lærd.

Han starta kor for alle alderstrinn. Om det galdt born, ungdom eller vaksne, inspirerte og instruerte han dei til topp resultat. Korkonsertane sette ny kvalitetsstandard. Innspelingar – enno i kassettens tidsalder – er gullkanta kulturdokument.

Sommarkonsertar kvar laurdag i Tingvoll kyrkje var eit pionertiltak med kvalitet som ryktast vidt. Tor inviterte utanlandske solistar så vel som habile lokale musikkfolk. Tonefølgjet sikra han som regel sjøl – teknisk fullkome og i lyttande medskaping.

Aller høgast sette han sitt kall, trur eg: I gudstenesta let han musikken understreke, utdjupe og forsterke kvart einaste element. Kyrkjebesøk under slik tonehimmel var alltid ei løftande oppleving.

Eitt år jobba Tor som organist i Kristiansund. Som pensjonist var han ein ettertrakta vikar i rundt på Nordmøre så vel som i Molde domkyrkje. Slik bevarte han ferdighetene og utvida vennekretsen også i seinare år.

For oss i andre nordmørsbygder var Tor Strand til stor inspirasjon. Takka vere han kunne vi i Åsskard, Todalen og Stangvik driste oss til å «hente heim» vakker og krevande musikk. Med Tor som «kapellmester» freista vi også profesjonelle instrumentalistar og dyktige solistar til å bli med på våre jule- og sommarkonsertar.

CD-innspelingar er ikkje «in» for tida, Men vi er stolte og glade for opptak med han ved tangentane - som kantatealbumet «Juletid». Eit fantastisk døme på kor ein pianist «samtalar» med solisten sin, er «In the bleak midwinter» med Tor Strand på denne plata.

Inspirasjonen av samspel med dette store kultur- og musikkmennesket har gjeve varig gjenklang hos oss i P17 og mange, mange andre.

Takk for tonane!

Powered by Labrador CMS