Kulturvøkku
Ping an - Fred
Slik helsa Anna Sæther møtelyden i Løsetlånna på Rindal Skimuseum der Rindal Sokn arrangerte husmøte mandag kveld. Med overskrifta "Det sit i veggane" tok ho oss med både lokalt og til Taiwan og Kina, og ho lærte oss rett tonefall på den kinesiske fredshelsing - Ping an!
Uttrykket "Det sit i veggane" er tittel på ein tv-serie som har vore sendt i fleire sesongar på NRK. Anna Sæther beit seg merke i denne programtittelen. Den inneheldt så mykje.
I Løsetlånna her på museet og elles i bygningane her sit det mykje i veggane! Alle tenkte sikkert på sine "vegger" der vi sat og høyrde på opplevingane Anna Sæther delte med oss frå misjonærlivet sitt i Kina og Taiwan.
Det som sit i veggane bringer fram minne frå fortida, men veggene kan også ta imot nye innspel.
Den kinesiske ungdommen som voks opp innafor vegger impregnert av offerrøyk frå fleire ofringar i døgnet, kunne seinare fylle rommet og veggane med lovsong, bønn og omsorg.
Kva sit i veggane heime hos oss no?
Snart feirer vi 1000 år med kristendom i landet vårt. Sit den i veggane?
Talen til Anna Sæther var kreativt innramma av salmane "Rop det ut!" og "Navnet Jesus."