ANNONSE:

Helge Husby og Tor Erik Jenstad

Trøen kammersmusikk: Dialekter i språk og musikk

Neste kammersmusikk-konsert blir fredag 21. oktober kl 20.00. Denne gongen har vi fått Helge Husby og Tor Erik Jenstad til å halde eit musikalsk kåseri med temaet "Dialekter i språk og musikk", altså dialekt, latter og musikk i skjønn forening.

Språkforskar og spellmann Tor Erik Jenstad saman med spellmann og kulturarbeidar Helge Husby har eit program om dialekter i språk og musikk. Her blir det både bilde, musikk og ordets kunst.

Tor Erik Jenstad frå Sunndal er ein folkekjær foredragshaldar og kåsør. Han har mellom anna gitt ut «Skjellsordboka», han er godt kjent frå ulike språkprogram i NRK og har nyleg mottatt Trønderlagets målpris for arbeidet for dialekt og nynorsk. Tor Erik er og aktiv musikar og spelte i mange år trekkspel og toarader i gruppa Hørkelgaddan med mellom andre Helge Husby. Denne gruppa fekk spellmannsprisen i 1981. Helge er felespelar og songar frå Tingvoll. Han driv foretaket Fosna kultur og media og har arbeidd med folkemusikk både på Nordmøre og i Trøndelag.

Saman har desse to «gaddan» laga eit program om dialekt i språk og musikk som vil bestå av både lyd, bilde, musikk og kåseri og det kan vel hende vi får eit par skjellsord med på vegen.

Link til billettsalg:

https://troen-kammersmusikk.hoopla.no/sales

QR-kode til billettsalget:

OM TOR ERIK JENSTAD OG HELGE HUSBY

Tor Erik Jenstad er dialektgranskar, ordbokskrivar og spelmann på si. Han har ikkje skrive doktoravhandling om bannskap, slik mange trur, men derimot om nemningsbruken blant spelmenn når dei snakkar fag.

Han har arbeidd i dei store prosjekta Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok, og elles blant anna gjeve ut ordbok over sunndalsmålet. Saman med Arnold Dalen gav han ut Trønderordboka i to utgåver. Fire skjellsordbøker må han også ta på si kappe, pluss eit utal andre bøker om ord og uttrykk. Elles mange artiklar, foredrag og kåseri om språklege emne. Gjennom 23 år hadde han programmet «Dialektmagasinet» på Trønderradioen, og han er no fast medarbeidar i «Språkteigen» og «Radiokontakten».

Helge Husby har tråla skogane i Møre og Romsdal som skogbruksplanleggar, vore skogbrukslærar og inspektør på landbruksskule, kommunal kulturbyråkrat og museumsarbeidar.

I mange år har han drive kulturføretaket Fosna kulturverkstad og driv eige forlag, der han har produsert bøker for andre og gjeve ut eigne bøker med lokalhistorisk og kulturelle tema. Gjennom mange år har han halde foredrag og kåseri om ulike kulturelle tema, og vore avisskribent og bokredaktør.

Tor Erik og Helge spelte i folkemusikkgruppa Hørkelgaddan, Tor Erik på trekkspel og Helge på fele/hardingfele. Som musikarar i Hørkelgaddan har dei delteke på 47 konsertar med Rikskonsertane, vore med på rundt 25 radio- og TV-program og hatt konsertar i inn- og utland. I 1981 fekk dei Spelemannsprisen for LP-plata «Tøffelmusikk».

Tor Erik har vore fast trekkspelmann i Nordmøre spelmannslag sia 1970-talet, medan Helge har vore musikalsk leiar i mange år. Begge to har elles vore med i fleire spelmannslag og folkemusikkgrupper kring i landet.

Powered by Labrador CMS