Dei aktive damene frå Stangvik Berit Anne Botten Røkkum (74), Rannveig Brøske (72) og Anne Grete Kvendset (75) stiller ut måleri i Bondehuset galleri.
Dei aktive damene frå Stangvik Berit Anne Botten Røkkum (74), Rannveig Brøske (72) og Anne Grete Kvendset (75) stiller ut måleri i Bondehuset galleri.

Stangvikmålarane med utstilling

Galleri Bondehuset er glade for å kunne presentere utstillinga Opera Visuale (Visuelle verk) med stangvikmålarane, Anne Grete Kvendset, Rannveig Brøske og Berit Anne Botten Røkkum. Opninga er i forkant av Operakvelden fredag 30 juli kl 1700.

Publisert

Dei tre eldre damene er av god gammel årgang og har mange år med pensel og lerret bak seg.

Anne Grete Kvendset (75) sier hun er mest inspirert av å gå på utstillingar for å sjå på kunst, både på galleri og museum. Ho vart tidleg interessert i å lære meir gjennom kurs, og tok blant anna ei rekkje teikne- og målekurs med Jon Arne Mogstad på 1980-talet. Ho har også delteke på Midtnordisk kunstfestival på Inderøya, der Ninni Rotmo Olsen underviste i måling og Jostein Kirkerud i komposisjon. Anne Grete Kvendset har vore med på mange utstillingar opp gjennom åra. Ho har også vore med på landart i Torvika og hatt fleire utsmykkingar i bygg i Surnadal.

Berit Anne Botten Røkkum (74) starta med måling i 1998 som ledd i ein terapeutisk prosess. Dei siste åra har ho vore mest aktiv med fotografering på turar i naturen. Dette er første gongen ho stiller ut fotografi. Ho er opptatt av dei små detaljane i naturen, med fargekombinasjonar og ulike komposisjonar. Ho likar å måle abstrakt. Bileta er ein kombinasjon. Både i måleria og i foto prøver ho å få fram den indre stemninga i seg sjølv. Berit Anne Botten Røkkum har vore med på fleire kollektivutstillingar og er innkjøpt av Surnadal kommune.

Rannveig Brøske (72) har gått på fleire målarkurs i medan ho arbeidde i Sjømannskyrkja i Paris, Stockholm og og San Francisco. Rannveig Brøske blir inspirert av å sjå på kunst, enten det er utstillingar i store museum eller små galleri. Ho googlar og finn bilde av forskjellige kunstnarar på nettet. Turar i skog og mark gjev også idear og inspirasjon. Det å få festa noko til lerretet, går for Rannveig mykje ut på å prøve seg fram. Sjølve prosessen blir svært viktig, og i den leitar ho etter eit uttrykk som ho står for. Rannveig har vore med på fleire kolletivutstillingar.

Alle tre blir å treffe på opninga i Galleri Bondehuset fredag 30 juli kl. 17. Etter opninga er det Operakonsert i Bondehuset der ein kan kjøpe eit måltid tilbereda av italienske mesterkokker. Vil du på Opera må ein vere rask med å sikre seg billettar, sidan det begynner å fylles opp.

Brit Dyrnes er glad for å få til ei utstilling med stangvikmålarane Berit Anne Botten Røkkum, Rannveig Brøske og Anne Grete Kvendset.
Brit Dyrnes er glad for å få til ei utstilling med stangvikmålarane Berit Anne Botten Røkkum, Rannveig Brøske og Anne Grete Kvendset.