Støttekonsert i Åsskard:

Et stort barnekor kledd i hvitt i kirka.
Bodil Kvam Aasbø fortel om Normisjons barnearbeid «Amigos» i Bøfjorden, som ho har leia i 15 år.

«Da jeg trengte en neste»

Støttekonserten «Ein drope i havet» i Åsskard onsdag hadde som motto salmestrofa «Da jeg trengte en neste, var du der?» Og mange var der!

Publisert Sist oppdatert

Det vart ei synleg og klingande mønstring av solidaritet med katastrofearbeidet i Syria og Tyrkia. Også Ukraina var i tankane: Koret P17 opna med eit Kyrie derifrå, og orgelet tona ut med den ukrainske nasjonalhymnen.

Frå fem til åtti

Aktørane – i alder frå 5 til nesten 80 år - var frå heile indre Nordmøre: Valsøyfjord, Åsskard, Surnadal, Todalen og Sunndal. (Rindalingen Ronny Kjøsen måtte dessverre melde forfall.)

Vi trur både desse og forsamlinga som fylte kyrkjebenkane, hadde hovudsaka i tankane: Ei handsrekning til alle lidande som nyhetene fortel om. Salget av billettar og fastelavnsris var sjølsagt berre «Ein drope i havet». Men, som Randi Bøe sa innleiingsvis: Her stiller vi opp og markerer støtte!

Gripande Amigos

Mest gripande i så måte er kanskje engasjementet hos dei yngste – gruppa Amigos (= venner). Leiar Bodil Kvam Aasbø har oppglødd dei 25 Amigos-barna til omtanke for søstrer og brør i landa der ulykka har ramma. Dei unge songarane, med eige band (keyboard, piano, gitarar, slagverk), gjorde sterkt inntrykk på forsamlinga.

Under songen med den talande tittelen «Gud, pass på vår jord» brukte dei lysgloben slik den er tenkt: Tente lys for medmenneske heime og i det fjerne. Unge solistar og eit opplagt barnekor med svingande komp gav levande uttrykk for takk og bøn. Og deira festlege «Gloria» med klapping og bevegelse overgår vel dei fleste lovsongsledd i kyrkja?

Barnekoret kledd i hvitt tenner lys.
Under banner med flagg og symbol tenner barna lys i globen (jordkula) som markering av bønn og omtanke. Koret – med unge solistar – syng «Gud, pass på vår jord».

Bevisstgjerande barnekultur

Ikkje berre har dei øvd song og spel og bevegelse. Til den gode saka selde dei også sjølvproduserte fastelavnsris - endatil med flotte etikettar laga på siste Amigos-samling: «Til inntekt for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med dei jordskjelvramma.» Slik bevisstgjering blir aldri glømt!

Det barnearbeidet som Amigos-leiar Bodil Kvam Aasbø gjer, kan neppe rosast nok. Firebarnsmora, læraren, gardkona, musikaren og barnepedagogen utfører eit kreativt og samlande kulturarbeid som fortener all kveldens applaus - og meir til!

Mange musikkaktørar

Også dei andre aktørane gjorde stor innsats. Fløytisten Tove Elin Strand spela vakker og virtuos musikk av Øistein Sommerfeldt. Ho og fiolinist Synnøve Hammervold gav tonefølgje til kor og allsong. Synnøve leia sine «seniorstrykarar» frå Kulturskulen – som kom heilt frå Sunndal! Songsolistane Gunhuild Marie Täringskog og Turid Røen Kroknes supplerte arrangørkoret Prosjekt 17 i eit songprogram som spente frå gospel til klassisk Mendessohn.

Kvinne med grønn genser og sort jakke spiller fløyte mens hun ser på noter.
Tove Elin Strand spela fløytetonar av Sommerfeldt.
24 voksne menneskjer synger og spiller musikk i kirka.
Prosjekt 17 var initiativtakar og sterkt medverkande i støttekonserten.

Strømma på nett

Vidar Rygh og Arnt Erik Otnes sørga for direktesendt nettoverføring av konserten. Denne kan du oppleva også i ettertid – på https://youtube.com/live/PD5ITDCsITI?feature=share. Der ligg også songtekstene og vippsnummeret 141334, om nokon framleis vil støtte tiltaket.

Fullsett – nesten

Besøket var godt. Men det hadde vore nokre plassar til – om folk frå kommune, kulturetat og media hadde teke oppfordringa «Var du der?».

Hittil er denne konserten kanskje det einaste lokale støttearrangement for ei sak som har rysta og rørt så mange.

Mange mennesker sitter på kirkebenkene.
Mange «var der». Besøkande frå Aure, Sunndalen og bygdene imellom fylte benkane i Åsskard-kyrkja.
Fem voksne sitter med hvert sitt strykeinstrument og ser på noteark foran seg mens de spiller.
Synnøve Hammervold (t.v.) og hennar «seniorstrykarar» kom frå Sunndalen og formidla både folketonar og Rolf Løvland.
Powered by Labrador CMS