Trondheimsolistene med De Fire Årstider

mann spiller fiolin på scene
Geir Inge Lotsberg var ein svært imponerande solist på De Fire Årstider.

Storslått avslutning på Vårsøghelga

Trondheimsolistene tok Surnadal og Storstuå med storm på siste kveld i Vårsøghelga. Det blei verkeleg eit høgdepunkt som fekk fram både gåsehud og tårar hjå publikum.

Publisert Sist oppdatert

Magisk stemning i Storstuå

Mange hadde sett fram til denne kvelden lenge, kanskje heilt sidan det vart annonsert på Trondheimsolistene sin førre konsert i Surnadal, at dei skulle kome og spele De Fire Årstider under Vårsøghelga 2024. Og det var all grunn til å glede seg. 

Før solistene byrja å spele benytta Anne Lise With Vullum anledninga til å takke Anders Larsen for innsatsen sin i Vårsøg-laget.

– Du er stødig, alltid blid, alltid lugn, og det er så godt å ha deg som kaptein på Laget Vårsøg. Vi er heldige som har deg, sa Vullum.

mann og dame med mikrofon på scene
Anne Lise With Vullum takka Anders Larsen for sin stødige rolle som kaptein for Vårsøg-laget.

Kunstnerisk leiar Geir Inge Lotsberg overtok mikrofonen og sa at dei er kjempeglade for å bli invitert til Vårsøghelga. Han forklarte litt om programmet for kvelden.

 – De fire årstider er definitivt Vivaldis mest spelte og elskede kompisjon, sa Lotsberg.

Ein telefon ringde i publikum.

– Kanskje det er Vivaldi som ringer. Han kunne eg tenkt meg å prate med, spøkte Lotsberg.

Det var lagt opp til eit spennande program, med andre stykker i tillegg til Årstidene. Trondheimsolistene starta med Concerto Grosso av Georg Friedrich Händel, og det vart med ein gong ei magisk stemning i Storstuå. Solistene har eit svært høgt nivå, og det er lett å leve seg inn i musikken saman med dei.

strykeorkester på scene
Trondheimsolistene gav sterke inntrykk og følelser hjå publikum.

De Fire Årstider

Før konsertane i De Fire Årstider satte Geir Inge Lotsberg publikum inn i rette stemninga med å forklare Vivaldi sine tankar bak komposisjonen. Blant anna om ustabilt vår-vêr med torden etter fuglekvitter, eller slåande, overveldande sommarvarme. Andre ting som blei beskrive var kraftige vindkast, jakt og fest, iskalde turer i snøen, og det å kome inn i varmen igjen. Med dei innhaldsrike beskrivelsane frå Lotsberg blei publikum tatt med inn i Vivaldis verden og kunne nyte musikken på ein enda betre måte.

strykeorkester på scene
Vårsøghelga fekk ei fantastisk avslutning.
mann med fiolin og mikrofon
Geir Inge Lotsberg gav gode beskrivingar før kvart stykke dei spelte. Det satte publikum inn i rette stemninga da musikken starta.

JuniorSolistene

Trondheimsolistene hadde òg med seg JuniorSolistene, som er rekrutteringsorkesteret til Trondheimsolistene. Dei spelte saman med Trondheimssolistene på Arne Nordheims Nachruf og på avslutninga, Fantasi over et tema av Thomas Tallis. I tillegg spelte dei aleine saman med solist Geir Inge Lotsberg på haust-konserten på De Fire Årstider. JuniorSolistene imponerte stort med sine store talent. Alex John Robson er musikalsk leiar for JuniorSolistene, og han gjer ein fantastisk jobb med å lære dei unge talenta å spele kammermusikk på nivå med Trondheimsolistene.

– Eg vil ikkje bli overraska over å sjå ein del av dykk i Trondheimsolistene om ikkje så veldig lenge, sa Geir Inge Lotsberg til JuniorSolistene.

stykeorkester på scene
JuniorSolistene spelte "Nachruf" av Arne Nordheim saman med Trondheimsolistene.
ungdom på strykeinstrumenter på scene
JuniorSolistene imponerte stort da dei spelte "Haust"-konserten frå De Fire Årstider.
strykeorkester står på scene
Dei unge, store talenta tek i mot ein velfortent applaus.
strykeorkester på scene
Avslutningsnummeret var "Fantasi over et tema" av Thomas Tallis.

Lotsbergs avskjedsturnè

Anders Larsen avslutta kvelden med å gi ei gåve til Geir Inge Lotsberg. Han fortalde at dette var ein spesiell turnè for Lotsberg, fordi det var hans avskjedturnè etter å ha vore kunsterisk leiar for Trondheimsolistene sidan 2017.

– Det er vemodig, sa Larsen. Vi har hatt mange fine år og har mykje fint å sjå tilbake på.

Det ble ståande applaus til Trondheimsolistene og Juniorsolistene frå publikum, og ein kunne sjå både tårar og store smil i salen på veg ut. Dette var ein eineståande avslutning på ei strålande Vårsøghelg.

to menn klemmer foran strykeorkester på scene
Geir Inge Lotsberg hadde sin avskjedsturnè, og mottok i den anledninga ei gåve frå Anders Larsen på vegne av Vårsøg-laget.
strykeorkester på scene
Trondheimsolistene og Juniorsolistene fekk ståande applaus.
Powered by Labrador CMS