
Klar for Carnegie hall
Som kjent har Sigrid Vetleseter Bøe nyleg vunne første pris i den profesjonelle klassen for songarar (Professional Prize) i årets Manhattan International Music Competition, og vart dermed invitert til å delta på gallakonserten i sjølvaste Carnegie Hall i New York laurdag 18. oktober. Du kan lese om prisen i Tidens krav (13. september) og i Driva (14. september).
Sigrid reiste til New York torsdag, og har no møtt vinnarane i ulike kategoriar. Desse er stort sett yngre stortalent. Sigrid er einaste profesjonelle songar, og såleis vinnar i sin prestisjefylte kategori.
På denne scena, ei av dei mest berømte i heile verda, skal jenta frå Bøfjorden framføre perler frå operalitteraturen - Musettas arie «Quando m’en vo» frå La Boheme av Puccini, «Tacea la notte placida» og «Di tale amor» frå Trubaduren av Verdi og «Meine Lippen sie küssen so heiss» frå Giuditta (Juditha) av Franz Lehar.

