Øye kyrkje fredag:
triOpera: hyllest til våren i Øye kyrkje
Fredag kveld er det duka for vårkonsert med triOpera i Øye kyrkje.
Trioen triOpera består av Sigrid Vetleseter Bøe, sopran, Maria Moen Nohr, mezzosopran og Hedda Hansen Berg, pianist. Sigrid Vetleseter Bøe fortel at dei tre har samarbeidd i snart 15 år, og har gjort mykje saman. No møtast dei altså til konsert igjen på Hedda og Sigrid sine heimtrakter. Oddveig Helset Halle blir med og spelar orgel.
I konserten i Øye kyrkje blir det mellom anna ein bolk med hyllest til våren, fortel Sigrid. Det blir fokus på norske songar og norske historier i musikk. Det blir både kule og vakre melodiar, britiske folketonar og romanser. Sigrid fortel og at de set fokus på favorittkomponisten hennar, den norske komponisten Edvard Grieg.
Dagen etter konserten i Øye kyrkje reiser trioen vidare til Østerdalen, for å halde ein ny konsert med eit heilt anna repertoar, fortel Sigrid Vetleseter Bøe.
ANNONSE: