Styremedlem Anders Karlsen, styreleiar Sivert Mauset og styremedlem Oddvar Mikkelsen i INVet.

God start for INVet - vil tilsette fleire

I juni opna Indre Nordmøre Veterinærkontor (INVet) klinikk i nye lokale i det gamle billaget, og eit par månader seinare har tilbodet deira vist seg å vere populært. No vil dei søke fire vaktheimlar, og utvide med ein veterinær til.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag var det formannskapsmøte i Surnadal, og før politikarane tok til på saklista, var Indre Nordmøre Veterinærkontor på plass for å fortelje om bedrifta si.

Utgangspunktet for etableringa av INVet var tredelt.

Eitt punkt var ei bekymring blant ei gruppe gardbrukarar om Surnadal ville kunne rekruttere tilstrekkeleg med veterinærar i åra framover.

I tillegg hadde initiativtakarane eit ønskje om å skape betre dialog mellom veterinærar og produsentar, samt eit ønskje om betre utnytting av kompetansen til veterinærane i førebyggande helsearbeid – ikkje berre behandling av oppståtte problem.

Styreleiar Sivert Mauset fortalte at konklusjonen difor var å få til ei felles eining i staden for ei rekkje enkeltpersonføretak, for å sikre samkøyring og robust økonomi.

Sivert Mauset orienterte formannskapet i Surnadal om INVet.

Planlegg vidare utvikling

Mauset seier at tilbodet til INVet har vorte godt motteke, og at omsetninga er god.

– Vi meiner vi ved å ha reetablert veterinærklinikk i Surnadal bidreg til auka verdiskaping. Det er snakk om ganske mykje pengar som utan INVet hadde gått til Sunndal, Orkdal eller Trondheim, seier han, og fortsett:

– Samtidig er vi ein attraktiv arbeidsplass. Av dei tre tilsette er to av dei netto innflyttarar, og dette er arbeidsplassar som krevjar høg kompetanse. Vi har og allereie fått opne søknadar frå nyutdanna veterinærar frå andre plassar i landet.

INVet er no i ferd med å gjennomføre ein emisjon, for å utvide aksjekapitalen og talet på eigarar. Dei meiner at måten dei har organisert seg på, sikrar god dialog mellom veterinærane og landbruksnæringa.

Bedrifta ønskjer framleis å utvikle seg vidare. Arbeidsgrupper, beståande av eigarane og veterinærane, er no nedsett for å sjå på utvikling av tilbodet på smådyr, samt utvikling av tilbodet til landbruket. Dette inkluderer konsept for førebyggjande helsearbeid og faste besetningsbesøk.

– Vi har og konkrete planer om å utvide med ein veterinær til frå 1. januar 2021, og med ytterlegare ein når arbeidsmengde og økonomi tilseier dette. Vi har og ambisjon om å auke stillingsandelen til klinikkassistenten i takt med ei utvida opningstid, seier Mauset.

Han fortel og at INVet vil søke om fire vaktheimlar i haust, og at det å få vaktheimlar vil vere avgjerande for bedrifta si vidare utvikling.

– Signala frå kommunen er at dei ønskjer ei firedelt vaktordning, og vi klarar å ta alle fire. Vi skal vere ærlege på det, at vaktheimlag er viktig for å få økonomien vi treng for å kunne køyre produksjonsdyrtilbod på dagtid, seier Mauset.

Manar til samarbeid

Han peikar på det INVet meiner er eit stort uforløyst potensial for veterinærtilbod i Surnadal og Rindal.

– Det gjeld til ein viss grad på produksjonsdyr, men særleg på smådyr, seier han, og peikar på overetabering som ein potensiell kritisk faktor i tida framover.

Mauset meiner difor samarbeid mellom veterinæraktørane er heilt nødvendig.

– Sjølv om potensialet er stort, er det ikkje ein utømmeleg marknad, så vi aktørane må utfylle kvarandre. Skal alle gå i same spor blir det smalhans på alle, og då kan vi risikere å ende tilbake dit at vi får eit meir fragmentert tilbod.

Og samarbeid, ser Mauset og INVet lyst på.

– Vi prøvar ikkje finne opp krutet på nytt. Vi har hatt god dialog med mellom anna kommunen, landbruksorganisasjonane og Hemne veterinærkontor, seier han, og held fram:

– I tillegg har vi tidlegare og invitert veterinærane i Øvre Surnadal og Rindal, samt ein annan praksis under etablering i Surnadal, til dialog. Dei ønska ikkje eit samarbeid no, men døra vår er framleis open. Vi ønskjer å halde ei linje der vi samarbeider godt med andre.

Powered by Labrador CMS