Olsok i Åsskard
Olsokhøgtida viser opphavet til norsk kyrkjeliv. Ved søndagens messe i Åsskard vil prestevikar Sylviane Jacques Denis knyte tradisjon og notid saman.
Sylviane er prestedotter - fødd og oppvaksen på Madagaskar. I ein prat da vi møtte henne i Åsskard-kyrkja nyleg, framhevar ho mykje positivt om norsk misjonsinnsats og sosialt arbeid i heimlandet hennar opp gjennom tidene.
– Og mange kyrkjer på Madagaskar liknar jo denne, seier ho og trur misjonærar kan ha brakt stilen dit.
Frå Madagaskar og hit
Ho kom til Norge i 2014 og har budd mykje i Ulsteinvik på Sunnmøre utanom 6 år som teologistudent i Stavanger. Nettopp ferdig med studiet valde ho jobb i staden for ferie i sommar. Tre veker er ho no prestevikar i Surnadal - der første oppdraget altså er søndagens olsokgudsteneste i Åsskard kyrkje.
Som nyutdanna vil ho det komande året arbeide som prostiprest i Kristiansund og Frei. Ordinasjon vil skje til hausten.
Likar Nordmøre
Sylviane har sommarbustad i «Buret» på Settem i
Bøfjorden og trivst godt i bygda.
– Dette området er for lite kjent, synest
ho og gler seg på turar i det flotte landskapet.
– Frå Buret går det jo direkte turløype opp til fjellet, og det passar meg godt! seier ho.
Olsok – minnet om Heilag Olav og kristninga av landet – har sterke tradisjonar. Alt no er tusenårsmarkeringa i 2030 under nasjonal planlegging (og debatt).
Sjøl med lite bålbrenning og anna lokal feiring på sjølve Olavsdagen laurdag, vil olsok prege denne søndagen i Åsskard. Etter gudstenesta i kyrkja er det som vanleg ope hus på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Og ved dette høvet med «Olsok og primstav» som tema for kåseri og biletframsyning.
– Oj. Det passar jo ypperleg! seier prestevikar Sylviane og har absolutt tenkt seg dit.