ANNONSE:

BARNAS KYRKJEKVELD i Åsskard

Publisert

Måndag klokka 18 er 4- og 5-åringane med foreldre hovudpersonar i Åsskard-kyrkja!

Trusopplærar Elsa Jensvold (biletet) og soknerådet samlar dei unge til leik, song og forteljing.

- Ungane eig jo denne kyrkja, og i kveld får dei ta ho i bruk på mange måtar, seier arrangørane.

Programmet varer ein times tid. Til slutt er det samling med mat og drikke i Kyrkjestua.

Under gudstenesta i Åsskard komande søndag blir det utdeling av «Barnas Kyrkjebok». Det er mellom anna stoff frå denne boka som blir presentert på måndagens kyrkjekveld.

Powered by Labrador CMS