![Niklas, Jarand, Håkon, Brage, Marius og Aleks stortrives på A-lagets fotballskule. Seks gutter smiler og har hendene i veret.](https://image.trollheimsporten.no/223797.webp?imageId=223797&width=960&height=548&format=jpg)
– Målet er å gi ungane ei god oppleving
Denne veka har det vore fotballskule i Surnadal. Over 70 gutar og jenter frå 1.-8.klasse har spela kamp, fått undervisning og leika seg saman med instruktørar frå Surnadal sitt A-lag.
Sindre Fiske er leiar for fotballskulen og er storfornøgd med arrangementet.
– Det går over all forventning. Det er gøy å vera saman med dei yngre spelarane i klubben vår, og kunne vera trenarar for dei desse tre dagane, seier Sindre, som til vanleg studerer i Trondheim.
– Målet vårt er å gi ungane ei god oppleving.
![Torstein Snekvik, Odin Kvendset og Sindre Fiske. Torstein Snekvik, Odin Kvendset og Sindre Fiske holder rundt hverandre og smiler](https://image.trollheimsporten.no/223828.webp?imageId=223828&width=960&height=548&format=jpg)
Treningssamling i Spania
Fotballskulen skal vera med å finansiere ei treningssamling A-lagsgutane skal ha i Spania.
– I Spania blir det mest trening, men også team-building, fortel Fiske.
– Ein må skape eit godt sosialt miljø for å kunne prestere bra som eit lag på banen. Vi gler oss mykje til turen.
![Anders Trønsdal Røen snakkar med gruppa si. Anders Trønsdal Røen snakkar med gruppa sii idrettshallen. Mange gutar sit og høyrer på.](https://image.trollheimsporten.no/223832.webp?imageId=223832&width=960&height=548&format=jpg)
Saknar ikkje mobilen
Håkon Mogstad er saman med kameratane sine på fotballskulen.
Han skryter av A-lagstrenarane og undervisninga dei har fått av gjestetrenarane frå KBK og Nordmøre og Romsdal Fotballkrets.
– Eg kjenner nokre av trenarane frå NEAS-akademiet, fortel Håkon.
![Håkon Mogstad saknar ikkje mobilen. – Det er mykje artigare å spele fotball. Håkon Mogstad smiler](https://image.trollheimsporten.no/223824.webp?imageId=223824&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=922&format=jpg)
– Første dagen av vinterferien var det ikkje fotballskule, da var det keisamt, smiler Håkon.
Vi lurar på om det ikkje hadde vore betre å vera heime og sett på mobilen.
– Eg saknar ikkje mobilen, det er mykje artigare å spela fotball, svarar han.
Skape identitet til eigen klubb
Heidi Snekvik er prosjektleiar for treningsleiren i Spania. Ho fortel at det er 19 instruktørar og sju medhjelparar frå A-laget på fotballskulen. Alle gruppene har instruktørar som har pedagogisk eller idrettsfagleg utdanning.
– Det er ein fotballskule med eit godt program, med instruktørar med høg kompetanse. Vi håper og trur arrangementet bli godt motteke, seier Heid.
![Ingebrigt Løfald og Steinar Sæter saman med ein gjeng fotballglade gutar. Ingebrigt Løfaldli og Steinar Sæter saman med ein gjeng fotballglade gutar.](https://image.trollheimsporten.no/223826.webp?imageId=223826&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Andreas Fjærvik og Torstein Snekvik er trenerar for desse jentene i gymsalen på SUBUS Trenerar og mange jenter](https://image.trollheimsporten.no/223830.webp?imageId=223830&width=960&height=548&format=jpg)
Ho tenkjer at fotballskulen kan skape identitet til eigen klubb.
– Vi har også eit ønske om å bygge identitet rundt egne spelarar, og la ungane få eit forhold til lokale heltar, og har difor hoppa bukk over gruppenamn som Manchester United og Liverpool.
– Kva er vel betre enn å vera ein del av Løfaldli Lions, Holten Hawks, Snekvik Sharks, Bæverfjord Bears eller Bredesen Bulls? Medan du oppbevarer tinga dine i Smevoll-garderoben, eller kanskje i Gjul-garderoben?, smiler Heid.
Ho håpar ho får sjå igjen gutane og jentene når fotballsesongen startar til vårs.
– No har dei vorte kjente med karane, da blir det kanskje stas å komme å sjå dei spele kamp, seier Heid håpefullt.